Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

First Lego League 2024

First Lego League går i år av stabelen i Operahuset Nordfjord laurdag 09. november 2024. Så langt er vi 14 påmelde lag, noko som er ei 460% auke frå dei to foregåande åra. Over 250 born og unge skal delta på årete FLL, så dette ligg an til å bli ein knakkande kjekk dag i Operahuset. Vi håpar så mange vener, famile og andre vil stille opp for å heie og bidra til å gjere denne dagen ekstra stas for borna/ungdomen. Gratis inngang og kiosk.

09.11.2024

10:00 - 16:00

Operahuset Nordfjord

FLL har til hensikt å fremme interessa for realfag og teknologi hos born og unge i alderen 4-16 år (På FLL i Nordfjord og Sunnfjord fokuserer vi på FLL Challenge som er frå 10-16år, og i all hovudsak for ungdomsskular).

Gjennom 8-10 veker får barna/ungdommen oppleve ei praktisk tilnærming til realfag og teknologi. Dei får utforske utfordringar frå det «verkelege livet» og finne innovative løysingar som ingen vaksne veit svaret på.

Dei får designe og programmere en LEGO®-robot til å løyse utfordingar.

Dei får forske på ein eigenvalt problemstilling som dei vaksne ikkje sitt på svaret på.

Dei får vise fram arbeidet dei har lagt ned på turneringsdagen, der dei også møter andre lag som har arbeida med same tema og problemstillingar.

Gjennom dei førebuande vekene og ikkje minst på konkurransedagen samarbeida dei om å konkurrere i kategoriane; Prosjekt, Teknologi og Kjerneverdiar

Prosjekt: Presentera prosjektet sitt og si innovative løysning på ein sjølvvalt problemstilling.

Teknologi: Vise frem robotdesignet og programmeringa for dommarane (robot-konkurranse)

Kjerneverdiar: Fortelje om korleis laget har brukt kjerneverdiane i arbeidet med prosjekt og teknologi.

Sjølve oppdraget blir lansert kvart år i september, deretter har skulane 8-10 veker på å jobbe fram prosjekta før ein har ein finaledag i Operahuset Nordfjord i november.

Forfattar:
Øystein Nes

Sist oppdatert:
20.06.2024

Scroll top

Opp