Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

Fagsamlingsdagen 2024

Inviro, i samarbeid med NHO Elektro, inviterar til årets kurs- og fagsamlingsdag for teknisk personell onsdag 06.11.24

06.11.2024

08:00 - 16:15

Operahuset Nordfjord

Arrangementet er opent for alle private og offentlege verksemder i regionen. 

Kurs som vert gjennomført denne dagen er FSE, førstehjelp og DLE samt det blir eit foredrag frå arbeidstilsynet.

Program 06.11.24

08:15 – 09:15: "På jobb for eit godt arbeidsliv i Noreg". Foredrag v. Bente Englund, Arbeidstilsynet. (Gratis)

09:15 - 09:30: Kaffepause

09:30 – 11:30: "DLE - Typiske feil og mangler i nye installasjoner" v. Tommy Skauen, NHO Elektro (495,- per person)

09:30 – 11:30: "FSE-kurs tilrettelagt for instruert personell". v. NHO Elektro (690,- per person)

11:30 – 12:30: Varm lunsj (Gratis for kursdeltakarar)

12:30 - 14:00: "Førstehjelp, inkl. opplæring på hjartestartar". v Avonova (890,- per person)

14:00 - 14:15: Kaffepause

14:15 – 16:15: "FSE kurs (ordinær). V. NHO Elektro (690,- per person)

09:00 – 17:00: Mini-messe i foajen (gratis, ope for alle)

Onninen og mellom 15-20 av deira leverandørar innan elektro – automasjon har stands for å vise fram det siste nye.

Kurs- og foredragshaldarar:

"På jobb for eit godt arbeidsliv i Noreg". Arbeidstilsynet v. Bente Englund (08:15 - 09:15)

Arbeidstilsynet har som oppgåve å sikre gode arbeidsforhold, forebygge skader, sjukdom og uønska hendingar i norske bedrifter. Seniorinspektør Bente Kristin Englund, har over 25-års erfaring frå Arbeidstilsynet i dei fleste bransjar, og kjem tilbake til Nordfjordeid for andre gong.

Bente  vil ha fokus både på prioriterte satsingar i arbeidstilsynet, tilnærming, verkemiddel, konkrete eksempel frå tilsyn og lovar og regler som ein arbeidsgjevar og dei tilsette må følgje.

Englund gjennomførte eit likande foredrag i operahuset i 2022, og fekk svært gode tilbakemeldingar på foredrag, mellom anna uttalte ein dagleg leiar i byggebransjen:

"Hadde eg visst at dette var så bra og så direkte, så hadde eg invitert alle mine tilsette".

DLE - Typiske feil og manglar i nye installasjonar. V. Tommy Skauen (09:30 - 11:30)

Tommy skauen har vært i elektrobransjen i snart 40 år, og dei siste 20 åra som fagleg leiar av eit sakkyndig kontroll selskap. Skauen har praktisk bakgrunn som elektriker, elsikkerhetsingeniør, samt vært kursholdar i over 20 år.

Gjennom kurset vil ein få informasjon om kva typiske feil som Det Lokale Eltilsyn (DLE) finn ved kontroll av nye installasjonar eller andre utførte arbeider som er utført av registrerte elektro verksemder:

  • Introduksjon
  • Typiske feil i nye anlegg
  • Trender med ny teknologi og meir komplekse anlegg
  • Korleis unngår du avvik?
  • Kva ansvar har montør og fagleg ansvarleg?

Kva vil du lære gjennom kurset?

  • Kva feil bli ofte funnet i det elektriske anlegget etter at montør har utført nyinstallasjon
  • Kvifor sikrar ikkje ein sluttkontroll at slike feil oppstår
  • Korleis kan ein sluttkontroll sikre at det elektriske anlegget er uten feil etter utført arbeid
  • Korleis kan fagleg ansvarleg og montør påvirke kvaliteten på utførte arbeider

FSE-kurs - (Både kl. 09:30 (instruert personell) og kl 14:15 (elektro- og automasjonsbransjen)

Regionssjef og dagleg leiar, Bjarte Heggheim, frå NHO Elektro, vil saman med kollegaene Øystein Halbrendt og Amund Tomasgard, gjennomføre to FSE-kurs. Eit for instruert personell (09:30) og eit for elektro og automasjonsbransjen (14:15). Bjarte er eit kjent fjes for dei fleste og har ein svært sterk kompetansebakgrunn, samt ei lang og god erfaring med kurs-gjennomføring.

Kurset ivaretek myndigheitenes krav om årleg teoretisk oppdatering

Førstehjelp (12:30 - 14:00)

Avonova – avdeling Nordfjordeid, skal gjennomføre førstehjelpskurset, samt demonstrasjon av hjartestartar. Avonova er Nordens leiande tilbydar av bedriftshelsetenester og har svært god kompetanse på gjennomføring av førstehjelpskurs.

Kurset ivaretek myndigheitenes krav om årleg teoretisk oppdatering

Mini-Messe

Onninen og deira samarbeidspartnarar stiller med ca. 15-20 leverandørar på stand. Dette er ope for alle interessentar som ønskjer å stikke innom for ei oppdatering og ein prat, og er tilgjengeleg i foajeen til Operahuset Nordfjord frå ca. kl 09:00 – 17:00.

Påmelding

Påmeldingsfrist:  31.10.24 (Ved avbestilling etter 31.10.24 fakturerast 50% av kostnaden per deltakar. Dersom ein ikkje møter på kursdagen, fakturerast 100%)

Merk: Fint om det er ein kontaktperson som melder på alle deltakarane frå ei bedrift, så tek vi kontakt med kontaktpersonen for lister på deltakarane i høve utsending av kompetansebevis og registrering.

Spørsmål?

Ta kontakt med Arild Hjelmeland om du har spørsmål: Arild@Inviro.no / 456 00 526

Forfattar:
Øystein Nes

Sist oppdatert:
06.05.2024

Scroll top

Opp