Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

Fagdag: Korleis kome i gang med smarte, sirkulære løysingar i di produksjonsbedrift?

12.02.2025

09:00 - 15:00

Stryn

Norsk industri er i gang med storstilt omstilling, og Sogn og Fjordane skal vere med på laget.

Gjennom prosjektet SmartSirk (Smarte Fabrikker og Sirkulære Produkt) er Nordfjord-bedriftene West Mekan og Brødrene Aa i gang med å tenkje nytt, både rundt produktdesign, produksjonsprosess og forretningsmodell. 

Kunnskapsparken Vestland vil dele kunnskap og erfaringar frå prosjektet med fleire bedrifter i regionen, og inviterer difor til fagdag!


Gjennom dagen vil deltakarane mellom anna:

  • lære om korleis ein går frå idéen om endring til å sette i gang endringsprosessen,
  • høyre om prosjekta til Brødrene Aa og West Mekan,
  • lære om kva mulegheiter som fins innafor digitalisering og robotisering,
  • få tips om korleis bedrifta di kan få hjelp til å finne både kompetanse og økonomisk stønad til endrings- og utviklingsprosjekt.
  • bli med på omvising i produksjonslokala til Nomek.
  • prate med fagekspertar og representantar frå andre bedrifter i regionen. 

Program:

Foreløpig program. Vi oppdaterer når endeleg program er klart.

  • Intro og velkommen
  • Sirkulærøkonomi og norsk produksjonsindustri
  • Om SmartSirk-prosjektet
  • Korleis starte arbeidet for endring, v/ Emrah, SINTEF
  • Brødrene Aa sitt case i SmartSirk
  • Teknologi: mulegheiter innafor tagging/sensorering, instrumentering, og bruk av innsamla data, v/ Endre, SINTEF
  • West Mekan sitt case i SmartSirk
  • Mulegheiter i automatisering og robotisering, v/ Ådne, SINTEF
  • Støtteordningar for utviklingsprosjekt, v/ Jøril Hovland, Kunnskapsparken Vestland
  • Spørsmål og sparring
  • Omvisning hos Nomek

Praktisk info:

Kor: Stryn
Når: Onsdag den 12. februar, kl. 09-15.
Påmelding nederst på sida.

Det blir servert lunsj.

Om SmartSirk

SmartSirk (Smarte fabrikker og sirkulære produkt) er eit “Grøn plattform-prosjekt” med 12 bedrifter i prosjektgruppa, derav 4 industri-case-bedrifter (to i Nordfjord og to på Jæren), to forskingsinstitusjonar (Sintef og SNF), to næringslivsbedrifter (inkludert oss i Kunnskapsparken Vestland), samt tre teknologibedrifter og katapulten MTNC.

Les meir om prosjektet her: 55 millionar til sirkulære løysingar i norsk produksjonsindustri!.

Og på heimesida til prosjektet: SmartSirk.no

Forfattar:
Øystein Nes

Sist oppdatert:
14.01.2025

Scroll top

Opp