21.04.2026
09:00 - 15:30
Stokkenes Gjestegard
Dette kurset gir deg ei grunnleggjande forståing av BIM, modelleringsverktøy og korleis digitale modellar kan bidra til betre samhandling i prosjekt.
Kurset passar både for deg som er ny i BIM, og for deg som allereie har arbeidd med BIM ei stund, men som ønskjer betre oversikt, fagleg påfyll og auka forståing for korleis BIM kan brukast meir effektivt i prosjekt og organisasjonar.
Om kurset
BIM (bygningsinformasjonsmodellering) er ein sentral metode i moderne planlegging, prosjektering og gjennomføring av byggjeprosjekt. I dette kurset får du ei praktisk innføring i kva BIM er, korleis det blir brukt i prosjekt, og korleis ulike digitale verktøy og teknologiar kan bidra til betre kommunikasjon, planlegging og kvalitet i byggjeprosessar.
Kurset kombinerer teori, demonstrasjonar og praktiske døme frå bransjen.
Kurshaldar

Kjetil Sunde, dagleg leiar i Fjordane Engineering AS.
Sunde har lang erfaring med utvikling av tekniske løysingar og spesialmaskiner til mellom anna oppdrett, prosessindustri og olje- og gassnæringa.
Som kursholdar kombinerer Kjetil brei bransjeerfaring med pedagogisk kompetanse, og har bakgrunn som fagskulelærar samt praktisk-pedagogisk utdanning frå Høgskulen på Vestlandet.
Målgruppe
Kurset passar for personar som arbeider innan bygg, anlegg eller tekniske fag, til dømes innan:
Det er ein fordel at deltakarane har grunnleggjande fagkunnskap innan ei byggjedisiplin og generelle dataferdigheiter.
Kursinnhald
Kurset gir ei innføring i sentrale tema innan BIM, mellom anna:
Kursbevis
Alle deltakarar får kursbevis etter gjennomført kurs.
Praktisk informasjon:
Påmeldingsfrist 14.04.26 (Ved avbestilling etter 14.04.26 fakturerast 50% av kostnaden per deltakar. Dersom ein ikkje møter på kursdagen, fakturerast 100%)
Atterhald om gjennomføring av kurs
Inviro AS tek atterhald om tilstrekkeleg tal på deltakarar for å gjennomføre kurset. Dersom det ikkje er nok påmelde innan påmeldingsfristen, kan kurset bli avlyst eller utsett. Påmelde deltakarar vil i så fall få beskjed så snart som mogleg, og eventuell kursavgift vil bli refundert i sin heilskap.
Sist oppdatert:
06.03.2026
Opp