FLL er verdens største kunnskaps- og teknologikonkurranse for barn og unge og arrangerast i over 110 land i heile verden og i Norge er det ca. 35 arrangørar og 15.000 born og unge som årleg deltek. FLL har til hensikt å fremme interessa for realfag og teknologi hos born og unge i alderen 4-16 år (På FLL i Nordfjord og Sunnfjord fokuserer vi på FLL Challenge som er frå 10-16år, og i all hovudsak for ungdomsskular)
Med støtte frå XXX
Denne støtta bidreg mellom anna til at samarbeidsaktørane har sagt at alle skulane som stiller med minimum ein lærar på kursdagen, vil få ein gratis First lego League Robot, eit challengsett, gratis påmelding i 2024, alt til ein samla verdi på over 15.000,- pr skule.
I Nordfjord og Sunnfjord er vi tilsaman 21 skular på ungdomsskulenivå eller skular som har samla 1-10 klasse. I 2018 var det 18 lag som deltok på konkurransen i Operahuset Nordfjord, og dit må vi kome oss tilbake til.
First Lego League er eit fantastisk pedagogisk opplegg som skulane kan nytte, og sjølve konkurranse-dagen er ein utruleg kjekk dag både for elevane, dommarane, familie og andre som deltek på gjennomføringa.
Sist oppdatert:
19.04.2024
Opp