Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

Nytenking knytt til kompetanseheving

Prosjektleiar for Kompetanse i Fjordane, Ida Kvaalen er no i full gang med å legge til rette for lokal kompetanseheving for offentleg tilsette i regionen

Inviro har som målsetting at vi, frå A til Å, skal organisere og administrere all kursverksemd for alle kommunalt tilsette, i førsteomgang, i Nordfjord og Sunnfjord, med mogleg utviding av geogrfisk område.

Målsettinga var at vi skulle vere klar til januar 2025, men allereie no har vi fått fleire aktivtetar vi arbeider med. På desse aktivitetane har vi med deltakarar frå alle kommunane i Nordfjord og Sunnfjord kommune, der ein samkjører kompetansehevinga på tvers av kommunegrenser.

I desember skal vi organsiere både BPA-kurs og Velferdsteknologiens A-B-C, og i starten av februar kjem mest sansynleg eit opplegg til saksbehandlarar knytt til miljø og berekraft, med eit særleg fokus på 30% vekting av offentlege anbod.

Det er berre å ta kontakt med Ida om det er aktivitetar dykk ønskjer vi skal sjå på saman.

Forfattar:
Øystein Nes

Sist oppdatert:
04.11.2024

Scroll top

Opp