Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

Nyoppretta stuktur i Vestland

På to år har vi blitt fire studiesenter i Vestland. Forrige veke hadde vi den første samlinga for SIV - Studiesentera i Vestland.

"Saman er vi sterkare"

Det er no snart to år sidan Inviro og StudieHub fekk offisiell status som det fyrste studiesenteret i Vestland. Og på kort tid er vi no blitt fire med HVK studiesenter, Studiesenteret Kysten og Sogn Kompetansen.

Saman dekkkjer vi 25 kommunar og ca. 140.000 personar.

På den fyrste felles-samlinga for Studiesentera hjå Vestland fylkeskommune i forrige veke, vart Studiesentera einige om å etablere stukturen SIV  (Studiesentera i Vestland).

Samarbeidet vil bestå av erfaring- og kompetanseutveksling, samarbeid om utdanningar, felles avtalar med høgare utdanningsinstitusjonar, studieturar m.m.

Dette var to svært gode dagar som vil styrkje StudieHub og rolla vår i Nordfjord og Sunnfjord som kompetansetilbydar.

Forfattar:
Øystein Nes

Sist oppdatert:
16.05.2024

Scroll top

Opp