Kompetanse i Fjordane i Inviro skal tilby: LOKAL kompetanseheving, utan at det går på kompromiss med kvalitet. På denne måten skal vi bidra med kompetanseheving til heile regionen, bidra til nettverksbygging og samle sterke kompetansemiljø i regionen. Ein ekstra bonus er at vi skal kunne gjennomføre kursa rimelegare enn om de må sende f.eks. 10 tilsette til ein av dei større byane for å få gjennomført kompetansehevinga.
I samarbeid med Ambia og kurshaldar Advokat Kurt O. Bjørnnes fekk 21 personar frå sju kommunar i regionen eit to dagers kurs på "saksbehandling - Brukerstyrt personlig assistanse (BPA)
Dagen etter, var det 51 personar frå Stad og Kinn kommune som deltok på kick-off samlinga til Velferdsteknologiens ABC, som no skal gjennomførast fram mot sommaren.
Tusen takk til kurs- og foredragshaldarar:
BPA: Kurt O. Bjørnnes (Advokat Bjørnnes),
Velferdsteknologiens ABC: Annette Eri Norevik (Sunnfjord kommune), Nikolai Park Foss (VLFK), Hilde Barmen (Stad Kommune)
Vi takkar for tilliten og ta kontakt med oss om det er kurs de ønskjer vi skal sette opp lokalt.
Sist oppdatert:
10.12.2024
Opp