Det siste året har Ida vore ein fast deltakar på Studentstova, der ho om eit halvt år er ferdig utdanna innan HR. Ida er ein person som vi har lært å kjenne som positiv, lærevillig og ein person som passar svært godt inn i «Inviro-kulturen»
Det siste året har Ida vore ein fast deltakar på Studentstova, der ho om eit halvt år er ferdig utdanna innan HR. Ida er ein person som vi har lært å kjenne som positiv, lærevillig og ein person som passar svært godt inn i «Inviro-kulturen»
Som alle andre «poteter» i Inviro, blir Ida ein viktig del av vår lisje organisasjon på mange ulike prosjekt, men hovudprosjektet til Ida blir å vidareføre prosjektet «Kompetanse i Fjordane», og starte skaleringa av dette svært spanande prosjektet.
Grunntanken i Kompetanse i Fjordane, er at ein blant kommunalt tilsette i regionen, har eit stort potensiale for å samkjøre ulike kurs og kompetansehevande tiltak på tvers av kommunegrenser.
Kva skal Inviro gjere?
• Vere aktøren som arrangera alle kurs og kompetansehevande tiltak på vegne av alle kommunane i regionen, frå A til Å.
Fordel for kommunane:
• Mindre internt ressursbruk både på organisering, planlegging og gjennomføring i alle kommunane.
• Ein leiar skal kunne gå inn inviro.no på starten av året og melde på alle sine tilsette på alle kompetansehevande tiltaka ein tilsett har behov for.
Kvifor har vi trua på dette prosjektet?
• På nokre kurs, der ei kommune har for eksempel berre 3-4 tilsette som treng eit kurs/kompetansehevande tiltak, må ein ofte sende dei tilsette til ein større by for å gjennomføre aktiviteten. Men ved å samkjøre aktiviteten på vegne av fleire kommunar i regionen, kan vi sette opp kompetansetiltaket lokalt.
• Dette vil medføre mindre reising for dei tilsette, mindre utgifter for kommuna, eit lågare Co2 utslepp og vil bidra til å bygge nettverk mellom dei ulike avdelingane/tilsette.
Kven gjennomfører aktiviten?
• Vi nyttar lokale kompetansetilbydarar og samarbeidspartnarar der det er mogleg, dersom vi ikkje har lokal kompetanse, hentar vi inn kompetanse utanfrå. (Vi har sabla mange flinke folk i regionen)
Fordel for kommunane
• Ved å nytte gode lokale samarbeidspartnarar til gjennomføringa av kompetansetiltaket, skapar dette sysselsetting og lokal verdiskaping.
• Men, eit svært viktig element i dette konseptet er at vi vil ikkje gå på kompromiss med kvalitet. Kompetanseoverføringa skal vere like god i regionen som i ein større by.
Inviro har sagt at vi skal bli den største organisatoren av kurs og kompetanseheving i regionen. No er StudieHub - Nordfjord Studiesenter, med Kari Eldby Rygg i spissen, i full drift med høgare utdanning i Nordfjord og Sunnfjord, og frå hausten tek vi sats på «kompetanse i Fjordane» med Ida i spissen.
Hjarteleg velkomen skal du vere Ida. Vi gleda oss til å få deg ombord frå og med september
Sist oppdatert:
01.07.2024
Opp