Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

First Lego League 2024

Bilde frå scena i Operahuset der alle elevane som deltok på FLL 2024 er samla.

Fotograf: Kari Eldby Rygg

I helga deltok over 250 born og unge på First Lego League i Operahuset Nordfjord.

For mange av borna og skulane var dette første gongen dei deltok på FLL, men det skulle ein ikkje tru. Makan til innsats, glede og stoltheit!

Alle dommarane som deltok var utruleg imponert både over presentasjonar på prosjekt, stands som var laga til og robot-kjøring.

Så vi vil gjerne sei gratulerer så mykje til alle som deltok.

Ein dag fylt med aktivitet

Dagen starta allereie kl. 10:00, og gjennom dagen skulle elevane halde to presentasjonar, bygge opp ein stand og få lego-roboten til å gjere som ein ønskja på konkurransebrettet.

Kl. 15:30 var det klart at Champion-prisen gjekk til Frysa teknologi frå Hauge oppvekst i Bremanger. 

Framfor ca. 300 tilskodarar fekk dei tatt imot prisen og reisesjekken på 15.000kr som dei kan nytte når dei skal til Trondheim for å delta på den skandinaviske finalen i slutten av november. Vi ønskjer dei all lukke til!

 

Kjerneverdi, Robot, Teknologi, Prosjekt, Engasjement

First Lego League handlar først og fremst og læring, glede og samarbeid. Men denne dagen er også ein konkurransedag og totalt vart det delt ut seks prisar:

Kjerneverdiprisen gjekk til Mowi-Stars frå Selje

 

Teknologiprisen gjekk til Hyen Skule
Robotprisen gjekk til Frysa teknologi frå Hauge Skule
Prosjektprisen gjekk til Fishermans Friends frå Eikefjord
Nordsida Skule frå Blakset fekk prisen for beste samhold og engasjement ila dagen

Blåst liv i First Lego League

Dei siste tre åra har det berre vore 3-4 lag som har delteke på First Lego League, men takka vere gode sponsorar, fekk vi i haust gjennomført ein kursdag for alle skulane som deltok på årets FLL, der dei også fekk med seg utstyr til ca. 20.000kr som dei kunne ta med seg tilbake til skulane.

Dette medførte at vi på årets gjennomføring var heile 14 lag, og utruleg kjekt at det var lag frå både Nordfjord og Sunnfjord. Sjølv om ikkje alle kunne gå heim med ein premie, er vi rimeleg sikre på at dette var ei utruleg kjekk dag for både elevane og publikum.

Samarbeidspartnera

Tusen hjarteleg takk til alle dommarane, som gladleg stiller opp ein laurdag. Til Eid vidaregåande skule, med Ove Lillestøl i spissen, for fantastisk samarbeid. Til gjengen i kantina! Til elevar på data! Til Tonje Bjerkan frå Nordfjordkompaniet for eineståande konferansier. Til Ovar på teknikk. Til Vestland fylkeskommune for rigging. Og ikkje minst til sponsorane som gjer denne dagen mogleg: Sparebanken Vest, Sparebanken Sogn og Fjordane, Tekna Sogn og Fjordane, Equino,r Eid Elektro, Åsen & Øvrelid, Paneda, Convene, Stryvo, CoastSeafood og Enivest
 

 

Forfattar:
Øystein Nes

Sist oppdatert:
10.11.2024

Scroll top

Opp