NordfjordTreffet 2023 – 04.04.23 i Stryn hjå Nomek

04.04.2023
19:00

23:00
Nomek AS – Stryn

Nordfjords største rekrutteringstreff

ENDELEG! NordfjordTreffet 2023 har opna for påmelding

I år skal vi til fagre Stryn, og i produksjonshallen til nomek.as for å gjennomføre Nordfjords største rekrutteringstreff – NordfjordTreffet.

På 600kvm med boltreplass skal vi skape ein magisk dag saman med dykk! Himmel og hav kor vi gleda oss🤩🥳

Ikkje berre blir det moglegheit for å møte det fantastiske private og offentlege næringslivet i regionen / framtidige arbeidstakarar, men jammen skal vi ikkje få oss ein konsert med Misery and Company og💃🕺

SJølvsagt skal vi også, saman med våre gode samarbeidspartner sparebanken Vest , dele ut prisane for Årets bedrift, Årets Grunder og Årets lærebedrift. Prisen er på 10.000,- per kategori

Vinnarane på NT2022: Årets Bedrift: Stad Kystbygg. Årets Grunder: Hjelpemiddelpartner og Årets lærebedrift: Nomek

Meir informasjon om dagen vil kome etter nyttår, men no kan både dei som ønskjer seg stands og dei som ønskjer å kome som gjest melde seg på👍

Husk: NordfjordTreffet er for ALLE: Både dei som i dag bur vekke eller skal flytte vekk for å ta utdanning og som ser for seg ei framtid i Nordfjord, men også alle andre som allereie er busett i regionen, og som er nysgjerrig og interessert på kva næringslivet og kommunane i Nordfjord har å tilby, er velkomne som gjest ✅

Sett av datoen 04.04.23 – og meld deg på her:

Påmelding gjestar (gratis inngang): https://bit.ly/3Hcwljj

– Er du påmeldt som gjest, og kjem på NT2023 er du med i trekninga av 3 heldige vinnarar som vinn eit Malakoff helgepass 😎

Påmelding Stands: https://bit.ly/3VS2Ver

Med det ønskjer prosjektgruppa beståande av Nordfjordakademiet, Nordfjordrådet, Stryn Næringshage og Inviro dykk ei god jul, eit godt nytt år og hjartlege velkomne til NT2023.

NB: Husk at jula varer heilt til NordfjordTreffet 😍

Tusen takk til våre sponsorar: Stryn kommune, Sparebanken Vest og Nordfjordrådet.

Frå NT2022. Over 50 aktørar frå privat og offentleg næringsliv hadde stand, og over 350 personar var innom rekrutteringstreffet

NB: Du får ikkje brukt den grå linken under. Trykk på lenkene ovanfor for påmelding.

Meld deg på her:

Del dette arrangementet