Næringshageprogrammet

Ein næringshage er eit innovasjonsselskap som tilbyr bedriftene tenester som bedriftsrådgiving, hjelp til utvikling av forretningsidéar, marknadsplanlegging, nettverksbygging, internasjonalisering og andre utviklingsrelaterte oppgåver til en subsidiert kostnad.

Nordfjordeid Næringshage vart etablert i 1999 og i 2011 etablerte Nordfjordeid Næringshage (no Inviro AS) og Stryn Næringshage eit samarbeid under namnet «Næringshagane i Nordfjord».

Næringshagane i Nordfjord har per i dag 57 målbedrifter. Vi er tekne opp i nytt program for perioden 2023 – 2032, og vil mobilisere inn nye bedrifter frå alle kommunane i Nordfjord.

Via partnerskapen «Vekst/I/Lag» arbeider vi med til saman aktivt med utvikling og vekst i nærmare 200 bedrifter i regionen i samarbeid med Stryn og Sognefjorden Næringshage – samt Kunnskapsparken Vestlandet. Nedslagsfeltet vårt er gamle Sogn og Fjordane.

Næringshagen skal være en aktiv tilbydar og tilretteleggjar av kompetanse, nettverk og infrastruktur, samt være en attraktiv møteplass og samhandlingsarena for bedriftene. Ei viktig oppgåve for næringshagane er å kople bedriftene opp til relevante fagmiljø, FoU-miljø, andre innovasjonsselskap, investeringsmiljø, samt det offentlege verkemiddelapparat.

Næringshagane er ein del av Siva sitt nasjonale innovasjonsnettverk. Siva er staten sitt verkemiddel for tilrettelagt eigarskap og utvikling av bedrifter og nærings- og kunnskapsmiljø i heile landet. Siva og næringshagane har eit særleg ansvar for å fremja vekstkrafta i distrikta. Næringshagane er godkjent Siva-partnar og ein del av det Nasjonale Næringshageprogrammet.

Det Nasjonale Næringshageprogrammet skal bidra til auka nasjonal verdiskaping gjennom å legge til rette for utvikling av attraktive bedrifter og arbeidsplassar i heile landet, og bidra til å styrke Vestland Fylkeskommune si rolle som regional utviklingsaktør. Siva har operatøransvaret for programmet. Frå 2020 overtok Vestland Fylkeskommune oppdragsgivaransvaret frå staten.

Gjennom programmet bidrar Siva med 2.8 million kroner i årleg tilskot til Næringshagane i Nordfjord, som næringshagen brukar til å utvikle bedrifter. Næringshagane får i tillegg tilgang til utdanningsprogram, kurs, nettverksarenaer, metodikk, malar og beste praksis for forretningsutvikling og kommersialisering.