Kurs- og fagsamlingsdagen 2023 for teknisk personell i Operahuset Nordfjord

08.11.2023
08:00

16:15
Operahuset Nordfjord

Inviro, i samarbeid med Nelfo, inviterar til årets kurs- og fagsamlingsdag for teknisk personell onsdag 08.11.2023.

Dette blir tredje gong fagsamlingsdagen blir arrangert. I 2022 var det over 200 personar frå heile Nordfjord som deltok på kompetanseheving, nettverksbygging og ein fagleg og sosial dag

Arrangementet er opent for alle private og offentlege verksemder i regionen.

Kurs som vert gjennomført denne dagen er FSE, førstehjelp og solenergi samt vi legg opp til eit foredrag/informasjon frå El Tilsynet.

Program 08.11.23

08:15 – 09:15: Foredrag / informasjon frå El Tilsynet (gratis)

09:30 – 11:30: Solcelleanlegg (495,- per person)

10:00 – 11:30: FSE-kurs tilrettelagt for instruert personell (690,- per person)

11:30 – 12:30: Varm lunsj (Gratis for kursdeltakarar)

12:30 – 14:00: Førstehjelp, inkl. opplæring på hjartestartar (890,- per person)

14:15 – 16:15: FSE kurs (690,- per person)

10:00 – 18:00: Mini-messe i foajen (gratis, ope for alle)

Elektroskandia – Onninen m.fl. leverandørar innan elektro – automasjon

Kurs- og foredragshaldarar

El Tilsynet v. Tor Helge Rasmussen og Paul Fjerdningen

El-Tilsynet skal til ei kvar tid vere eit leiande kompetansesenter i Noreg innanfor elsikkerheitstenester. Gjennom ein times foredrag vil Tor Helge og Paul ha særleg fokus på El-ulykker, lærlingar og fagperson. Dei vil også sjå på grove tilfelle på tilsyn, ulovleg arbeid samt nyanlegg og gjentakande feil.

Solenergi og solcelleanlegg v. dagleg leiar Marit Røyrvik Eldegard i Blue Tec Vest AS

Marit har fagbrev og bachelorgrad innan automasjon, har jobba offshore i Statoil (no Equinor) og jobba som yrkesfaglærar og avdelingsleiar på Årdal VGS i omlag 10 år før ho bytta beite over til Solcellebransjen. Ho har vore dagleg leiar for Bluetec Vest AS sidan 2021, og har som fyrste faste tilsette vore med på å bygge opp selskapet både når det gjeld omsetnad og antal tilsette. Marit vil gjennom foredraget gå gjennom frå prosjektering til montasje og installasjon, samt krav til dokumentasjon og overlevering av anlegg. Fokuset til Marit vil vere på kva ein bør vere observant på ved montasje og installasjon av solcelleanlegg.

Førstehjelp

Avonova – avdeling Nordfjordeid, skal gjennomføre førstehjelpskurset, samt demonstrasjon av hjartestartar. Avonova er Nordens leiande tilbydar av bedriftshelsetenester og har svært god kompetanse på gjennomføring av førstehjelpskurs.

Kurset ivaretek myndigheitenes krav om årleg teoretisk oppdatering

FSE-kurs (både kl 10:00 og 14:15)

Regionssjef og dagleg leiar, Bjarte Heggheim, frå Nelfo Sogn & Fjordane, vil saman med kollegaen Øystein Halbrendt, gjennomføre begge FSE-kursa, både for instruert personell og for elektro og automasjonsbransjen. Bjarte er eit kjent fjes for dei fleste og har ein svært sterk kompetansebakgrunn, samt ei lang og god erfaring med kurs-gjennomføring.

Kurset ivaretek myndigheitenes krav om årleg teoretisk oppdatering

Mini-Messe

Elektroskandia, Onninen og deira samarbeidspartnarar tykte det var så kjekt å delta i 2022, at dei har sagt at det sannsynlegvis vil stille endå fleire aktørar på stand under årets fagsamling. Dette er ope for alle interessentar som ønskjer å stikke innom for ei oppdatering og ein prat, og er tilgjengeleg i foajeen til Operahuset Nordfjord frå ca. kl 10:00 – 18:00.

Påmelding

Påmeldingsfrist: 06.11.23 (Ved avbestilling etter 06.11.23 fakturerast 50% av kostnaden per deltakar. Dersom ein ikkje møter på kursdagen, fakturerast 100%)

Merk: Fint om det er ein kontaktperson som melder på alle deltakarane frå ei bedrift, så tek vi kontakt med kontaktpersonen for lister på deltakarane i høve utsending av kompetansebevis og registrering.

Spørsmål?

Ta kontakt med Arild Hjelmeland om du har spørsmål: Arild@Inviro.no / 456 00 526

Meld deg på her:

Del dette arrangementet