Vidare satsing av næringshageprogrammet

Inviro AS er særs glad for at Siva og Vestland Fylkeskommune har sikra oss finansiering av Siva sitt Næringshageprogram for 2 nye år. Dette gjer at vi framleis kan legge til rette for utvikling  – endring og vekst i ei krevjande tid for mange bedrifter.

Inviro AS har felles forpliktande samarbeid med Stryn Næringshage AS for Nordfjord regionen, samt at vi har utvida nedslagsfeltet også til Sunnfjord gjennom samarbeid med Stryn Næringshage og Sognefjorden Næringshage.

Del dette innlegget

Share on facebook
Share on linkedin
Share on twitter
Share on email