Starte bedrift

Har du en forretningsidé og lurer på korleis du skal gå fram? Treng du kanskje litt vegleiing i oppstartsfasen?

Inviro kan være ein sparringspartnar som gjer deg betre rusta til å starte di eiga bedrift. Næringshagen har verktøya, kompetansen og viljen til å hjelpe deg med dei første skritta mot din eigen arbeidsplass. Vi kan hjelpe deg med koplingar mot relevante nettverk og ressurspersonar, samt marknadsutvikling og kompetanseutvikling.

Med andre ord skal vi hjelpe deg med bistand og vegleiing som er riktig for deg og din idé eller di bedrift. Men vi kan ikkje alt, og om vi mot alle odds ikkje innehar nok eller riktig kompetanse til å hjelpe akkurat deg, så vil vi gjennom våre kontaktar i verkemiddelapparatet kunne kople deg opp mot dei som har den rette kompetansen.

Innovasjon Norge

På Innovasjon Norge sine sider finn du svært mykje nyttig informasjon og gode verktøy for oppstart av bedrift.

Altinn

Altinn er startgropa når du skal etablere deg som næringsdrivande i Norge. Altinn har enkle og tydelege beskrivingar knytt til korleis du skal gå fram.

Kontakt oss

Har du spørsmål knytt til å starte bedrift: