STYREPORTAL FOR NORDFJORD

Over 50 kandidatar har allereie meldt seg inn i Styreportalen for Nordfjord!

Kunne du tenkje deg å bidra i eit styre i Nordfjord? Du kan og melde interesse!

I februar er vi klar til å dele lista med foretak og valkomitear i Nordfjord – registrer deg og vi vil informere deg når løysinga er klar!

SPIRA

I haust var vi på eit kurs i styrearbeid med PwC arrangert av Inviro.  Der lærte vi om kva ein som styrerepresentant må kunne og vi fekk tilbakemelding om at det var vanskeleg å finne folk til å ta på seg styreverv.  Inviro og Nordfjordakademiet tok utfordringa og lova å opprette ein Styreportal for Nordfjord. Lanseringa av denne styreporalen er rett rundt hjørnet og no som det har kome nye reglar for kjønnssamansetning i styrer er dette endå meir aktuelt.

Allereie innan 31. desember 2024 må foretak med meir enn 100 MNOK i samla finans- og driftsinntekt oppfylle dei nye reglane. Les meir om dei nye reglane her:
https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/krav-til-kjonnsbalanse-i-norske-styrer-er-vedtatt/id3020352/

PERSONAR

Å bli spurt om å sitte i eit styre er ei ære. Det gir deg erfaring, nettverk, innflytelse og prestisje. Du får moglegheit til å påvirke og vere med på utvikling.

Klar til å hoppe?
Vi har opna for registrering for dei som ønskjer å bidra i eit styre i Nordfjord her:
https://www.nordfjordakademiet.no/styreportal/

BEDRIFTER OG VALNEMNDER

Vi jobbar med å få på plass løysinga for foretak og valnemnder og denne vil bli lansert i løpet av februar.
Om du, som foretaksleiar eller som sitt i ei valnemnd, er interessert i å få informasjon om når løysinga er klar, meld deg på her:
https://forms.office.com/e/7d0MZdtyyG

Del dette innlegget