Styrekurs 27.04.23

27.04.2022
09:00

15:30
Nordfjord Hotell

Inviro, i samarbeid med PwC, inviterar til eit heildags styrekurs for dagleg leiarar, styremedlemar og potensielt nye styremedlemar i Næringslivet i Nordfjord

Omfanget av styre- og leiararbeidet, og måten å jobbe på for eit styre, er i stadig utvikling. Mellom anna på grunn av ny teknologi, cyber-trugsmål, konjunkturar, trendar og nye forretningsmodellar.

Eit viktig element for ei styre er at dei forstår og reagerer på endringar, risiko og moglegheiter. Styret har eit ansvar for at det vert teke tak i nye forretningsmoglegheiter og at tilstrekkelege risikoreduserande tiltak vert implementert. Ikkje minst har styrer i 2023 ei viktig oppgåve i å bidra til at verksemdene tek krav og forventningar til samfunnsansvar på alvor. Summen av rask endring, nye lover og eit sterkare fokus på å bidra til eit berekraftig samfunn, stiller store krav til styre og leiing.

Bakgrunnen og formålet med kurset

Inviro, i samarbeid med PwC, ønskjer å tilby eit fysisk kurs retta mot leiarar og styremedlemmar. Målgruppa er dagleg leiarar, styremedlemar og potensielle styremedlemar i næringslivet i Nordfjord.

Målsettinga er å gje deltakarane på kurset :

• Oversikt over leiar- og styrerolla samt dei viktigaste oppgåvene for leiar- og styret

• Oppdatert kunnskap om nye krav og rapporteringsplikter

• Praktiske tips

• Motivasjon og grunnleggande kompetanse til å arbeide i eit styre

Kurset skal også fungere som ein møteplass og ein stad deltakerane kan utvikle nettverk med andre næringslivsleiarar og styremedlem i regionen. Ein vil difor ha gruppearbeid og erfaringsutveksling i løpet av dagen.

Kurshaldar: PwC

Styrekurset vil bli leia og gjennomført av Emil Goberg Solheim og Bodil Marie Myklebust frå PwC. Begge to er nordfjordingar med god kjennskap til lokalt næringsliv og er kjende som dyktige foredragshaldarar og med god fagleg kunnskap.

Emil Goberg Solheim – Senior Manager i revisjon

Emil er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole, og har Master i rekneskap og revisjon frå BI i Oslo. Sidan 2020 har Emil jobba med revisjon på PwC sitt kontor i Stryn. Gjennom arbeidet som revisor har han god oversikt over næringslivet i Nordfjord og jobbar tett med mange av verksemdene i regionen. 

Emil Goberg Solheim

Bodil Marie MyklebustDirektør og advokat i advokatfirmaet PwC

Bodil har arbeidd i PwC sidan ho var ferdig utdanna jurist i 2007. Ho har lang erfaring med å bistå ulike verksemder med å utgreie skatterettslege spørsmål og har arbeidd med sals- og oppkjøpstransaksjonar. Bodil har jobba mykje med omorganiseringar og bistand opp mot selskapsrettslege spørsmål mv. 

Bodil Marie Myklebust

Informasjon

Lunsj vert servert ca. kl. 12.00

Pris totalt pr. deltakar:  kr. 3.900,- (Ved avbestilling etter 25.04.23 fakturerast 50% av kostnaden per deltakar. Dersom ein ikkje møter på kursdagen, fakturerast 100%)

Påmeldingsfrist:  24.04.23

Påmelding: I boksen under her

Kontaktperson ved spørsmål:   Arild Hjelmeland, arild@inviro.no – 456 00 526

Samarbeidspartnar: PwC

Meld deg på her:

Del dette arrangementet