Korleis kan eit studiesenter best bidra på Søre Sunnmøre? Det skal vi finne ut av fram mot sommaren. Inviro har starta eit forprosjekt for StudieHub Søre Sunnmøre, med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Erfaringane frå Nordfjord tek vi med oss, men modellen skal byggjast ut frå behova på Søre Sunnmøre.
Korleis kan eit studiesenter best bidra på Søre Sunnmøre? Det skal vi finne ut av fram mot sommaren. Inviro har starta eit forprosjekt for StudieHub Søre Sunnmøre, med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Erfaringane frå Nordfjord tek vi med oss, men modellen skal byggjast ut frå behova på Søre Sunnmøre.
Sidan 2023 har vi i StudieHub hjelpt folk i Nordfjord og Sunnfjord kommune med å ta utdanning utan å flytte. No har vi fått inntil 420 000 kroner frå Møre og Romsdal fylkeskommune til å sjå korleis eit studiesenter kan bidra i regionen Søre Sunnmøre, med Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Ørsta og Volda.
Forprosjektet går fram til 1. juni 2027. Då skal vi ha eit godt grunnlag for å seie om, og korleis, eit studiesenter bør etablerast i regionen.
Fredag 16. oktober hadde vi digitalt oppstartsmøte med kommunar, utdanningsaktørar, næringsliv og andre regionale aktørar. Vidare skal ei referansegruppe gi råd undervegs i arbeidet.
Vi kjem ikkje med ei ferdig løysing. Første jobben er å bli kjende med kommunane, bedriftene og andre relevante aktørar i alle sju kommunane, og høyre kva kompetanse dei faktisk treng og korleis vi kan samarbeide for å gi best mogleg verdi til regionen.
Samstundes skal vi få oversikt over kva fleksible og desentraliserte tilbod dei regionale utdanningsinstitusjonane allereie har. Eit studiesenter er ikkje ein konkurrent, men ein samarbeidspartnar og ein forlenga arm ut i kommunane. Slik får fleire nytte av tilboda som finst, og institusjonane når folk dei elles ikkje ville nådd.
– Vi har sett i Nordfjord kor mykje det betyr at nokon er tett på både studentane og arbeidsgivarane. No vil vi bruke god tid på å bli kjende med Søre Sunnmøre før vi seier noko om korleis eit studiesenter bør sjå ut der, seier Kari Eldby Rygg, som er prosjektleiar for StudieHub Søre Sunnmøre.
StudieHub tilbyr ikkje utdanningane sjølv. Vi er bindeleddet mellom dei som treng kompetanse og dei som tilbyr han. Det betyr at vi mobiliserer studentar, legg til rette lokalt med studentstover og samlingar, og følgjer opp undervegs slik at fleire fullfører. Der det manglar tilbod, jobbar vi saman med universitet, høgskular og fagskular for å gjere dei tilgjengelege.
Kommunedirektørane i Sjustjerna-regionen ser positivt på initiativet, og vi gler oss til å kome i gang med arbeidet.
Er du leiar i ei bedrift eller ein kommune på Søre Sunnmøre, og har tankar om kva kompetanse de vil trenge i åra framover? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Det enklaste er å svare på spørjeundersøkinga Kompetansebehov på Søre Sunnmøre (kjem torsdag 22.10.26). Ho er for både private og offentlege verksemder og tilsette i heile regionen, og svarfristen er 30. november 2026. Del ho gjerne vidare i nettverket ditt.
Har du spørsmål, kommentarar eller ønskjer å bidra inn i dette prosjektet, ta kontakt med prosjektleiar Kari:
Kari Eldby Rygg
Prosjektleiar, StudieHub Søre Sunnmøre
Telefon: 952 87 575
E-post: kari@inviro.no
Sist oppdatert:
19.10.2026
Opp