Salskurs i Nordfjord

08:30

15:30
Alexandra Hotel / Nordfjord Hotell

Jobbar du eller di bedrift med sal? Då har Næringshagane i Nordfjord (Inviro AS og Stryn NH) gleda av å invitere deg på salskurs i april.

Sellit

Til å gjennomføre salskurset har vi fått med oss ein av dei fremste aktørane i Noreg på salskompetanse, i Sellit AS. Sellit har sidan 2001 hatt opplæring på over 30.000 seljarar, og jobbar med dei største salsorganisasjonane i Skandinavia, så vi er svært glad for å ha fått dei til Nordfjord.

Det blir satt opp to skreddarsydde, uavhengige heildagskurs:

  • Eit kurs som er spesifikt retta mot reiselivsnæringar og andre tilhøyrande bransjar.
  • Eit kurs som er direkte retta mot sal frå bedrift til bedrift eller frå bedrift til forbruker.

07.10.24 Salskurs for reiselivsnæringa (Stryn – Alexandra Hotel)

Programmet denne dagen tar for seg korleis vi som leiarar og tilsette i reisebransjen/andre tilhøyrande bedrifter bør tilpasse oss den moderne gjesten/kunden. Både private gjestar, forretningskundar og konferansegjestar.

08.10.24 Salskurs for «business to business» (Nordfjordeid – Nordfjord Hotell)

Programmet denne dagen tar for seg den «klassiske seljaren» frå bedrift til bedrift, eller frå bedrift til kjøper/forbruker.

Kursdagen

Gjennom kurset vil du som deltakar få ein stappfull dag med praktiske metodar og konkrete verktøy for å akselerere salet ditt, uavhengig av om du rettar deg mot bedriftsmarknaden eller direkte mot sluttkunden.

Sagt om kurset!

  • «Måten dere tar rommet på satt meg helt ut! For en energi!»
  • «Aldri vært med på et så bra kurs – noen gang!»
  • «Morsomt, lærerikt og ikke minst utrolig konkrete metoder. Gleder meg til å komme i gang!»
  • «Hadde lyst til å gå ut å selge rett etter kurs.»
  • «Rått! Og det virker! Opplevde vekst i salget allerede uken etter kurs!»

Pris:

4900,- pr deltakar (lunsj inkludert)

Påmelding

Påmelding gjer du i lenkja under, men MERK: i påmeldinga «hakar du av» enten for:

  • Salskurset for reiselivsnæringa og tilhøyrande bransjar i Stryn, på Alexandra Hotel 07.10.24
  • Salskurset «Business to Business» på Nordfjordeid, på Nordfjord Hotell 08.10.24

Påmelding: https://shorturl.at/cgloZ

NB: På grunn av lang avbestillingsfrist frå leverandøren på kurset må vi sette påmeldingsfrist til 01.09.24 ((Ved avbestilling etter 01.09.2024 fakturerast 50% av kostnaden per deltakar. Dersom ein ikkje møter på kursdagen, fakturerast 100%)

Spørsmål: Ta kontakt med

  • Arild Hjelmeland: Arild@inviro.no eller telefon: 456 00 526
  • Jenny Staalnacke: Jenny@stryn-nh.no eller telefon: 916 90 965

Meld deg på her:

Del dette arrangementet