Næringsretta utdanning

Med støtte frå Kunnskapsdepartementet skal Inviro jobbe for at fleire personar i regionen skal få tatt kurs, utdanning og vidareutdanning der dei bur. Samt at utdanninga er basert på behova som næringslivet i regionen har.

Med andre ord at det er næringsretta utdanning.

Nordfjord er den nordlegaste regionen i Vestland fylke, med om lag 30.000 innbyggjarar fordelt på kommunane Stryn, Gloppen, Stad og deler av kommunane Kinn og Bremanger.

Nordfjord har fire vidaregåande skular: Stryn, Firda, Eid og Måløy vidaregåande skule. Dei fire vidaregåande skulane ligg på fire av dei åtte største tettstadene i gamle Sogn og Fjordane fylke. Dei er alle sentrale utviklingsaktørar i regionen, og dei fire skulane samarbeider om å gje ungdom i Nordfjord eit samla sett breitt og variert vidaregåande utdanningstilbod, tilpassa næringslivet i regionen sitt behov. Dei vidaregåande skulane i Nordfjord har også ei rad linjer som rekrutterer frå ein større geografisk region (fylkesdekkande linjer i gamle Sogn og Fjordane). Å byggje vidare på dei fire vidaregåande skulane i Nordfjord er svært viktig for regionen. Det handlar om at det skal vere mogeleg å gå på skule i nærområdet, om at det skal vere attraktivt å bu i distrikta, om arbeidsplassar, at det skal vere mogeleg å skaffe seg kompetanse lokalt, om levande lokalsamfunn og attraktivitet i forhold til tilflytting osb.

Samarbeidet mellom dei vidaregåande skulane og næringslivet i Nordfjord er truleg tettare enn dei fleste andre stader – og endå viktigare her enn andre stader fordi vi manglar høgskular/universitet i regionen. Samarbeidet med næringslivet kan utviklast endå sterkare i framtida – også om etter- og vidareutdanning og målretta fagutdanning for personar som står utanfor arbeidslivet eller treng omskulering – og om desentralisert fagskule- og høgskuletilbod skreddarsydd inn mot kva næringslivet og kommunane i Nordfjord treng.

Kort oppsummert er vi opptekne at så mykje som mogleg av nødvendig kompetansepåfyll og utdanning kan gjevast til folk der dei bu. Det er ein føresetnad for at utvikling og vekst kan skje også i ein distriktsregion som Nordfjord. Vi syner her til kva Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø sa i desember 2019 i samband med at Regjeringa la fram nye verkemiddel for at fleire skal få tilgang til høgare utdanning der dei bur:

« Alle skal ha tilgang til høyere utdanning. Mange av dem som trenger kompetansepåfyll er i jobb og har familie. Derfor trenger vi flere utdanninger som er desentraliserte, nettbaserte, samlingsbaserte eller på deltid. »

Urbanisering

Det er ei utfordring for heile distrikts-Noreg, med urbanisering frå distrikta til dei store byane. Telemarksforskinga viser at fire av fem som flyttar ut frå distrikta kjem ikkje tilbake, medan fire av fem som blir, blir. Inviro meina ikkje at alle som veks opp i regionen vår skal bli buande her for alltid. Det er sunt og bra at mange reiser ut og får erfaringar og utdanning. Men, for dei som ønskjer å bli buande i regionen, eller for dei som ønskjer å flytte «heim», må der være eit tilbod. Det skal ikkje være avgjerande kvar du bur at du har tilgang på høgare utdanning. Å flytte frå dei urbane strøka til distrikts Noreg skal heller ikkje være eit hinder for utviklinga av din eigen kompetanse.

Då må vi kunne leggje til rette for utdanning og kurs som gjer det mogleg å ha ei «livslang læring». Men dette må takast steg for steg. Inviro ønskjer gjerne å være eit selskap som er pilot i samarbeid med ulike aktørar på ulike prosjekt. Men Inviro kan sjølv ta initiativ ,i samarbeid med framoverlente bedrifter, for å leggje til rette for kompetanseheving i di bedrift eller for regionen.

Har du eller di bedrift ønskjer knytt til kurs, kompetansepakkar eller utdanningar regionen vår treng, så nøl ikkje med å ta kontakt.

Kontakt oss

Har du spørsmål knytt til næringsretta utdanning: