NordfjordTreffet 2024

26.03.2024
19:00

22:00
Sandane

NordfjordTreffet kjem til Gloppen og Sandane tysdagen i påskeveka

Påmelding

For gjestar: https://shorturl.at/nJKOS

For stands: NordfjordTreffet er fullbooka med 72 stands.

Nordfjords største Nettverks- og rekrutteringstreff

I samarbeid med Gloppen kommune, Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane, gleda vi oss STORT til å arrangere NordfjordTreffet på Sandane.

Litt historie (om du ikkje kjenner til NordfjordTreffet)

Dette blir tredje gong NordfjordTreffet blir arrangert. NT23 vart arrangert i fagre Stryn, og Nordfjord leverte! Over 500 gjestar var innom og besøkte dei 60 aktørane frå privat og offentleg næringsliv som hadde stand. Her var det aktørar frå alle fem kommunane i Nordfjord innan dei fleste bransjar/næringar. Vi kunne ikkje oppsummert det betre enn kva lokalavisa i Stryn, Fjordingen, skreiv «NordfjordTreffet i Stryn vart ein fulltreffar».

Gloppen er toppen

Kan vi toppe dette i Gloppen på NT24? Sjølvsagt skal vi det! Vi har i år eit knakande godt program spekka av aktivitetar som skal synleggjere alt det fantastiske Nordfjord har å by på!

No er det berre å scrolle seg (roleg) nedover, få med deg all informasjonen og klikke på lenkja og melde deg på!

Vi møtast på NT24!

NB! NordfjordTreffet er for alle!

Det er framleis nokre som trur at NordfjordTreffet utelukkande blir arrangert for Nordfjord-studentar som bur vekke, men det stemmer ikkje. NordfjordTreffet er for alle.

NordfjordTreffet er for studentar som bur vekke, personar som allereie er busett i regionen, dei som ønskjer å bygge nettverk, dei som er på leiting etter arbeid, bedrifter som ønskjer å profilere seg, eller andre som ser for seg ei framtid i Nordfjord. Dersom ein berre er litt nysgjerrig eller har lyst på ein sosial kveld, er ein også hjarteleg velkomne. Med andre ord: NordfjordTreffet er for alle!

Arrangementet er gratis for gjestar.

Program 26.03.23

På NT24 har vi lagt opp til eit program vi håpar og trur vil være interessant for både næringsliv og gjestar i heile Nordfjord. NordfjordTreffet handlar om å legge til rette for aktivitetar der ein kan snakka saman, bli kjent med kvarandre, sjå moglegheiter og bli inspirert.

Nettverk Nordfjord (For stands-deltakarar)

Nettverk Nordfjord (Bedriftsopplegg) vart på NT23 gjennomført for fyrste gong med svært gode tilbakemeldingar. På NT24 kan stands-deltakarar få oppleve ein fantastisk engasjerande foredragshaldar i Thordur Arnason frå Frog/Capgemini. Thordur tar temaet «Kunstig intelligens» ned på eit nivå som gjer det litt meir forståeleg for både bedrifter og «Ola/kari Nordmann». Dette er bare å glede seg til!

(Nettverk Nordfjord + middag på Gloppen hotell er inkludert i stands-avgifta)

For studentar som vil bygge nettverk

Før NT24 opnar i Firdahallen, er der fleire moglegheiter for studentar som ønskjer å knyte kontakt med næringslivet i Nordfjord og vere med på sosiale aktivitetar.

Nordfjordakademiet skal ta med studentar og næringsliv på topptur, det blir pre-drink på kontorfellesskapet «Spire», ein vil få informasjon om både bachelor og master oppgåver i samarbeid med lokalt næringsliv og vil du ha ein relevant sommarjobb i Nordfjord? Då kan Nordfjordakademiet hjelpe deg. Alt dette kan du få være med på før dørene til NT24 opnar kl 19.00. ALT er gratis! FOR ein dag!

Påmelding til NT24

For stands: https://shorturl.at/nyGW5

NB: Nytt for året er «grunder-pakken». Er bedrifta di fire eller færre tilsette og har under 3 mill. NOK i omsetnad, får du ein 50% rabatt på standsavgifta.

For gjestar: https://shorturl.at/nJKOS

NB: Du får ikkje brukt påmeldinga under, og må bruke lenkene ovanfor for å melde deg på.

Om du har nokon spørsmål, ta kontakt med:

  • Øystein (Oystein@inviro.no – 416 95 559)
  • Arild (Arild@inviro.no – 456 00 526)

Hjarteleg velkomen på NT24 skal DU være!

Helsing prosjektgruppa til NT: Inviro, Nordfjordakademiet, Stryn NH og Gloppen Næringsorganisasjon

Meld deg på her:

Del dette arrangementet