NordfjordTreffet 2022 – Rekrutteringstreff for heile Nordfjord 12.04.22

12.04.2022
17:30

00:00
Operahuset Nordfjord

ENDELEG! NordfjordTreffet 2022!!

Endeleg er vi klare for å arrangere eit felles rekrutteringstreff for deg og privat- og offentleg næringsliv i HEILE Nordfjord. Vi gleda oss til at de kan møtast ansikt til ansikt for å lære både meir om det sterke og framtidsretta næringslivet vi har i regionen, samt at næringslivet får lære å kjenne deg som framtidige arbeidstakarar.Vi ønskjer dermed å invitere gjestar, bedrifter, kommunar og andre aktørar frå Nordfjord til eit felles rekrutteringstreff og ein sosial ettermiddag/kveld på Nordfjordeid i Operahuset Nordfjord tysdag 12.04.22 (tysdagen i påskeveka).

Program (Følg NordfjordTreffet på facebook for meir info)

17:30 – 18:00 Dørene opnar

18:00 – 18:10 Velkomen v. konferansier Mats Andersson (Operasalen)

18:10 – 18:30 «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» Innslag av Nordfjord-ordførarane

18:30 – 19:15 Foredrag av Ingeborg Sol Fure «Nordfjord med hjartet i handa»

19:15 – 19:30 «Nordfjordprisen» (?)

19:30 – 21:15 Bedrifter, gjestar og noko lett mat. Mingling

21:30 – 22:15 Konsert i Gymmen i regi av Malakoff (dørene opnar 20:30)

22:15 – XX:XX Magnifikk (dørene opnar 20:30)

Påmelding

Påmeldinga både for gjestar og næringsliv er opna, så det er berre å melde seg på så raskt som råd så vi får ei tidleg oversikt over omfanget. Målsettinga vår er ca. 50 bedrifter og totalt 500 gjestar.

Vi er klar over at Covid-situasjonen framleis er svært relevant, og prosjektgruppa vil fortløpande gjere evaluering på om arrangementet kan gjennomførast eller ikkje. For privat og offentleg næringsliv / andre aktørar som kjøper ein stand på Treffet allereie no, vil det ikkje medføre noko kostnadar for dykk om arrangementet blir avlyst, så det er ingen grunn til å ikkje melde seg på allereie no 😊

Påmelding næringsliv, kommunar og andre aktørar som ønskjer å kjøpe stand på treffet: https://forms.office.com/r/AD6pAmumQU

Påmelding gjestar (gratis) :https://forms.office.com/r/6Ah8K2xz2f

Link til NordfjordTreffet på facebook: https://www.facebook.com/NordfjordTreffet

Med det ønskjer prosjektgruppa beståande av Nordfjordakademiet, Nordfjordrådet, Stad Vekst og Inviro dykk hjartlege velkomne.

Tusen takk til våre sponsorar: Stad Kommune, Sparebanken Vest, Sparebanken Sogn & Fjordane og Nordfjordrådet.

NB: Du får ikkje brukt den grå linken under. Trykk på lenkene ovanfor for påmelding.

Meld deg på her:

Del dette arrangementet