Snart byggjestart for Nordfjord Smarthus

Pressemelding Nordfjord Smarthus 10.08.21

Til hausten startar bygginga av Nordfjord Smarthus på Nordfjordeid. Målsettinga er at det skal være «Noregs grønaste smarthus» seier dagleg leiar i Inviro, Øystein Nes..

Bygget skal være eit «levande» smarthus. Det skal gi rom for nysgjerrigheit, innovasjon, teknologi og læring. Samstundes skal vi tenkje på framtida, og på den grøne bølga vi er i no. Vi håpar og trur at vi skal kunne bygge bygget på ein måte som er framtidsretta og positivt for miljøet.

Eksempel på dette er bruk av solceller, vindkraft og vasskraft, alt i mini skala.

Haha, ja det må påpeikast at det er i «mini-skala». Bygget blir ikkje meir enn ca. 60kvm grunnflate, men det skal kunne visualisere effektane av naturelementa som blir nemnd. Samstundes skal vi bruke mest mogleg miljøvennlege element i bygget, seier Øystein.

Då bygget allereie har vore ein del i media, har det ikkje lat vente på seg med tilbakemeldingar

Ja, huset er heilt unikt i høve det vi veit, men vi har ikkje fått noko anna enn positive tilbakemeldingar. Det skal være litt annleis, og vi meina at arkitekten Vicent Ferrando Traver frå Stadsutviklaren har verkeleg fått fram essensen i tankane våre rundt kva vi tenkjer eit smarthus skal representere.

Framtidsretta

Ove Bjørlo, prosjektleiar for Smarthuset fortel at smarthuset skal være for heile Nordfjord, men kvifor skal ein bygge eit smarthus, kva skal bygget nyttast til?

Det er per dags dato mange som allereie har smarte-element i husa sine, eksempelvis robotstøvsugar, kodelås, ulike typar strømstyring osv., For å være litt meir spesifikk så ligg penetrasjonen på smarthusteknologi i Noreg på rundt 35% pr husstand, og den er forventa å auke til 60% allereie innan 2025. I smarthuset ønskjer vi å ta den nyaste og beste teknologien både innan bygg, elektro, data og automasjon å gjere den tilgjengeleg for «kvarmannsen» ved at ein kan kome å sjå kva moglegheiter som finst der ute. Samtidig som elevar, studentar og næringsliv kan nytte det til læring, utvikling og innovasjon, seier Bjørlo.

Inspirert av Blakstad-modellen.

Det var Trond Haavik i Segel som i første omgang tipsa meg om denne modellen. Kort forklart går den ut på at kommunane i Blakstad hadde behov for fleire omsorgsleilegheiter, og at ein då inngjekk eit samarbeid med den lokale vidaregåande skulen knytt til bygginga. Dette var ein stor suksess. I vårt tilfelle er det elevane på Stryn vidaregåande skule som skal planlegge og sette opp bygget, og samstundeskal elevane på Eid Vidaregåande skule ta seg av det elektriske og det datatekniske. Her skal høvesvis Stårheim bygg og Eid Elektro være fagansvarleg i prosessen. Eit knall eksempel på at lokal næringsliv stiller opp. Denne jobben gjer dei gratis, og dei ser det større bildet at dette vil være positivt for næringslivet på både kort og lang sikt.

Samarbeidspartnarar

Bygget er ein del av «Nordfjord-labben» som Inviro er i gang å etablere. Her har dei fått 6 millionar kroner i støtte frå Vestland Fylkeskommune, støtte frå Sparebanken Vest og Sparebank Stiftinga. Labben har eit totalbudsjett på 9,4 millionar kroner.

Fylkeskommuna har sidan Inviro vart starta, vore ei fantastisk støtte både økonomisk og fagleg. Og dette har vi hatt stor nytte av. I det store perspektivet arbeider vi for næringslivet i Nordfjord, og saman med andre lokale næringslivsorganisasjonar for utvikling og innovasjon, då er både lokalkommunane i Nordfjord og Vestland Fylkeskommune svært viktige partnarar, seier Nes.

Også Eid Vidaregåande skule har vore involvert i utviklinga av både smarthuset og Nordfjord-labben

Ja, vi kan ikkje få skrytt nok av Eid VGS, og då særleg med Alf Reidar Myrstad og Ove Lillestøl og som strålande samarbeidspartnerar. Progresjonen på prosjekta hadde ikkje hatt same tempo utan dei seier Øystein.

Eksempelvis har Eid VGS, i samarbeid med Vestland Fylkeskommune gitt Inviro tomta som smarthuset skal stå på.   

Ja, vi har fått ein fantastisk lokasjon. Det er umogleg for nokon som kjem køyrande i Nordfjordeid sentrum å unngå å sjå bygget. Det vil nok trekk litt merksemd, seier Nes med eit smil.

Men både skulen og vi i Inviro er opptekne av at det skal være vinn-vinn situasjonar når ein gjennomfører prosjekt som dette. Eksempelvis vil elevane på elektro og automasjon i byggefasen få svært reell opplæring undervegs i byggeprosessen, og deretter vil elevar kunne bruke Smarthuset som klasserom til opplæring og innovasjon. Vi tørr påstå at elevane som kjem ut frå Vidaregåande i regionen vil være blant landets best utdanna på smarthusteknologi og ha ein kompetanse for framtida når dei er klare for å gå ut i arbeidslivet. Ein trippel vinn-vinn situasjon kan vi kalle det både for Inviro, Eid VGS og næringslivet som får desse ut i bedriftene sine etter kvart, supplera Ove Bjørlo.

Som ein av hovudsponsorane har Inviro fått med seg Sogn og Fjordane Energi. Nes fortel at SFE var ein partner dei ville ha med på laget heilt frå starten av.

Jannicke Lindvik. Sogn og Fjordane Energi

SFE har ein svært sterk kultur for utvikling, og dei er ekstremt opptekne av lokal kompetanse og teknologi, og er ein viktig aktør for næringslivet i Nordfjord. Vi no er svært glade for at dei skal være med å utvikle bygget saman med oss.

Kommunikasjonsdirektør, Jannicke Lindvik i Sogn og Fjordane Energi, meina satsinga til Inviro er spennande og nyskapande satsing på opplæring. Her vil mange framtidige montørar og ingeniørar bli inspirert og få god opplæring.

Smarthuset i Nordfjord er ei spennande satsing som vil sette regionen vår på kartet. At skule og næringsliv jobbar tett saman skapar nysgjerrigheit  og gir ein rik grobotn for læring, seier Lindvik.

Men Inviro vil ha behov for fleire samarbeidspartnerar knytt til smarthuset framover.

Ja, det vil vi være. Budsjettet vårt for bygget er på 2 millionar nok. Det seier seg sjølv at det ikkje er nok. Det er då vi treng næringslivet i regionen til å kome på bana. I fyrste omgang har vi fokus på bedrifter som allereie er mål- eller medlemsbedrifter i Inviro, men dersom det er andre som ønskjer å bli medlem eller bidra til bygget, må dei berre ta kontakt, seier Bjørlo.

Promotering av næringslivet i regionen

Dette vil være ein vinn-vinn situasjon for begge partar. Eksempelvis har Rune Sætren i Nordvestvinduet allereie bekrefta at dei vil stille med vindauge til bygget. På den måten hjelper dei oss knytt til kostnaden på vindauga, og samstundes får dei moglegheit til å vise fram produkta sine i smarthuset. Her vil være svært mange personar som kjem til å sjå dette huset, så det er promotering for dei kvar gong. Men lista er lang på kva vi veit vi har behov for, kva vi trur vi har behov for og det vi ikkje visste at vi hadde behov for. Det kan være at det er bedrifter som sitt på løysingar eller moglegheiter som vi ikkje har tenkt på, som kanskje er morgondagens teknologi, seier Nes.

Stad kommune er poInteressa for bygget er allereie stor, og i april kom der ut ein artikkel på Nemitek.no.

Ja, det er klart at det er kjekt når ein blir kontakta av journalistar som har høyrt om bygget, og som ser at dette kan være interessant å skrive ein artikkel om. Dei har 25.000 unike brukarar og 60.000 sidevisningar i månaden, så det er jo litt stas, seier Øystein.

Del dette innlegget