Nordfjord Futurum – lokal leiarutdanning via HVL

– Leiarar i utvikling og vekst

Ønskjer du eller ein framtidig leiar i di bedrift å bygge nettverk og samstundes gjennomføre kompetanseheving lokalt her i Nordfjord?

Frå januar 2024 håpar vi i StudieHub Nordfjord å kunne tilby etter- og vidareutdanning innan leiing og administrasjon lokalt i Nordfjord, levert av Høgskulen på Vestlandet. Dette skal kombinerast med nettverks- og relasjonsbygging blant noverande og framtidas leiarar i regionen.

Målgruppa for utdanninga er personar i Nordfjord som i dag har leiarstillingar, har ambisjonar om å bli leiar eller som ønskjer kompetanseheving innan fagfeltet.

Målsettinga er at vi skal ha ei heil «klasse» frå Nordfjord, og at nettverket som blir skapt gjennom desse to åra skal vere med å bygge relasjonar, forsterka samarbeid og bidra til å utvikle og legge til rette for lokal verdiskaping i Nordfjordregionen i mange år framover.

Les meir om Nordfjord Futurum og meld di interesse her:

https://bit.ly/3MKYoJc

Del dette innlegget