Besøk hjå medlemsbedriftene Nomek og Vendanor

For eit par dagar sidan fekk vi komme inn til Stryn for å besøkje bedriftene medlemsbedriftene Nomek og Vendanor i Stryn.

Vi var først velkomne inn til Vendanor, og blir møtt av ein svært engasjert og positiv dagleg leiar Harold Wieldraaijer. Vendanor er ein uavhengig produsent av propanautomatar for sal til konsument, og har sidan oppstarten i 2013 opplevd ei sterk vekst, både nasjonalt og internasjonalt og er i dag 16 tilsette. Sjølve utviklinga av konseptet og produktet vart utvikla i regi av majoritetseigaren Nomek (som vi var på besøk til seinare på dagen). Harold var utviklingsperioden tilsett som prosjektleiar i Nomek.

Sal av propanautomatar for sal til konsument, seier kanskje ikkje for alt for «kvarmannsen» kva dei faktisk tilbyr, men kort forklart; dersom ein kunde kjøper ein automat (sjå bilde) kan desse settast ut på strategiske områder (Eksempelvis ved ein bensinstasjon), deretter setter konsumenten inn si tomme propanflaske (som brukt eksempelvis på gassgrillen din), betalar for gass, og får ei full flaske ut. Dersom ein har kjøpt seg ein flunkande ny gassgrill, er det sjølvsagt også mogleg å kjøpe seg ei like flunkande ny propanflaske.

Noko av det Harold er mest stolt av er service-gjengen og service-nivået dei har kome seg opp på. Harold fortel at dei proaktivt jobbar for at automatane til ei kvar tid er 100% oppe å går. Målet er at Vendanor skal kunne oppdage feil på automatane før eigarane/forbrukarane merkjer det, og dette viser igjen på ei oppetid på over 99,9%. Automatane blir døgnovervaka av Vendanor noko som gir ein tryggheit for forbrukar og kundar.

I tillegg har dei sjølv utvikla ein eigen app som gir eigarane moglegheit til å overvake automaten når det sjølv passar for dei. Appen varslar kunden når det er på tide å bestille meir propan, gir tilgang til driftsrapportar og salsstatistikkar på alle plattformar.

Hos Vendanor er den lokale kulturarven både ein ressurs og ei drivkraft. Med lidenskap, integritet, ansvarlegheit og innovasjon, har dei skapt eit selskap som legg stein på stein og byggjer framtidas løysingar på dagens suksessar. Automatane nyttar nye banebrytande teknologiar, og er kjend for innovasjon og kvalitet, og utan å røpe for mykje skal du ikkje sjå vekk ifrå at Vendanor også i nærmaste framtid vil kunne tilby eit produkt for andre forbrukarar enn propankonsumentane. Stay tuned!

Vegen gjekk så vidare til Nomek.

Styning`ane kan gjestfridom, og vi vart like godt tatt imot av Jon-Rune Heimlid som vi vart av Harold. Jon-Rune har vore dagleg leiar sidan 2016, og kunne fortelje at Nomek er ei moderne og spesialisert bedrift innan platebearbeiding og mekanisk produksjon. Bedrifta har 7500m² moderne produksjonslokale, og er samstundes i gang med ei utviding på ytterlegare 1800kvm.

Bedrifta vart starta i 1998 og er i dag 65 tilsette, med andre ord ei sterk og viktig bedrift i Stryn.

Noko av det som imponerte oss mest med Nomek er evna dei har til å tilpasse seg marknaden, og finne nye forretningsmoglegheiter. For Nomek er investering og utvikling innan automatisert produksjon ein bærebjelke for bedrifta, og i dag produserer og leverer mellom anna påbygg for krokbiler og trekkvogner samt utviklar og leverer slamsugarar, sandfangbiler, kombi- og avvanningsbilar og spesialbygg. Med den moderne og spesialisert avdeling innan platebearbeiding og mekanisk produksjon, vi fortalde om tidlegare, er Nomek også leverandør til et bredt spekter av industrikundar. Her leverer dei tenester innan laserskjering, vannskjering, knekke, stansing og sveising. I tillegg til det har dei høg kompetanse på lakkering. Mellom anna har dei eit anlegg for våtlakk som rommar 21x5x5m. Her kan ein semitrailer få plass.

Utover tenester dei leverer til kundar over heile landet, er Nomek også svært oppteken av samarbeid mellom industrien i regionen. Det som kan kjøpast lokalt av tenester, blir kjøpt lokalt, fastslår Jon- Rune. Dette har medført at Nomek har eit tett og godt samarbeid med fleire andre bedrifter i regionen, og i dette samarbeidet har det også vore, / er pågåande, fleire utviklingsprosjekt som blir gjennomført med støtte frå Innovasjon Norge.

For Nomek er det å ta inn lærlingar også eit viktig samfunnsansvar. Dei har her eit godt samarbeid med Nordfjord opplæringskontor. Tidlegare tok dei inn to lærlingar annakvart år, men dei siste åra har dei tatt inn to lærlingar kvart år. Dette er med på å sikre langsiktig rekruttering for bedrifta fortel Jon-Rune.

Etter dei svært hyggjelege møter sette eg meg i bilen, skrudde på radioen, og tok den korte køyreturen på knappe 30 minutt tilbake til Nordfjordeid. Fine vegar var det og. Er ikkje noko problem å pendle i vår vakre Nordfjord 😊

Del dette innlegget