Invitasjon til samarbeidsmøte om utdanning mellom HVL og næringslivet i Nordfjordng (påmelding i botnen av artikkelen)
Høgskulen på Vestlandet (HVL) ønskjer å vere ein naturleg samarbeidspartnar for alle regionar på Vestlandet. Me trur det er viktig at innbyggjarane på Vestlandet får tilbod om utdanning der dei bur og i tillegg veit me at næringslivet har mykje å bidra med inn mot våre utdanningsprogram. Studentane ønskjer dagsaktuelle problemstillingar, innsikt i nye teknologiar og satsingsområde, noko me veit at næringslivet rundt oss representerer.
Inviro er samarbeidspartnar i eit prosjekt der HVL jobbar med å leggje til rette for fleksible ingeniørutdanningar. Med fleksible meinar me at dei skal vere nett- og samlingsbaserte, slik at dei er tilpassa ulike bu- og arbeidssituasjonar. Me undersøkjer i kva grad arbeidsplassen kan brukast som læringsarena og ser på moglegheiter for modularisering av ingeniørutdanninga. Me ønskjer difor å invitere til eit samarbeidsmøte der me kan diskutere utfordringar og moglegheiter for å leggje til rette for utdanning i Nordfjord, særleg retta mot elektrofag (automatisering og elkraftteknikk).
Høgskulen ønskjer å bruke samlinga for å få innspel på kva som er viktig med tanke på vidareutdanning og kompetansepåfyll. Frå Høgskulen stiller ei breitt samansett gruppe med representantar frå leiinga, fagtilsette innan elektroteknologi, etter- og vidareutdanningsavdelinga og IKT-pedagogar.
Spørsmål me ønskjer å diskutere:
- Kva emne er mest aktuelle å tilby og korleis bør dei organiserast?
- Korleis kan me gjere oss attraktive for regionen?
- Korleis kan me nyttiggjere oss av den kompetansen som allereie finst i næringslivet?
Agenda for møtet:
09:00 – 12:00:
- Presentasjon av HVL – «Kvifor er me her, og kva ønskjer me å få til i saman?»
- Presentasjon frå Inviro – «Desentralisert utdanning»
- Presentasjon av ordførar Alfred Bjørlo – «Nordfjord og næringsliv»
- Kort presentasjon av bedrifter som er representert
- Diskusjon rundt kva modul/EVU-tilbod som vil vere mest aktuelt for næringslivet i Nordfjord, planlegging, gjennomføring og vegen vidare
12:00 – 12:45: - Lunsj på Nordfjord Hotell (dekka av Høgskulen)
12.45 – 14:30: - Bedriftsbesøk
Agenda for møtet:
Oppmøtestad: Nordfjord Hotell
Me har på førehand peikt på nokre studieløp og enkeltemne som kan vere aktuelle å tilby:
1:
Digitalteknikk fra ELE141 Elektrofaglig basis 1
Deler av ELE102 Programmering og mikrokontrollere
Deretter deler av ELE205 Videregående programmering
Deretter deler av ELE301 Industriell IT
2:
Deler av ELE141 Elektrofaglig basis 1
Deretter måleteknikk fra ELE161 Statistikk og måleteknikk
Deretter deler av ELE213 Instrumentering
Èller ELE250 Industriell instrumentering
3:
Deler av ELE141 Elektrofaglig basis 1
Deler av ELE142 Elektrofaglig basis 2
Deler av MAT202 Matematikk 2
Deretter ELE204 Reguleringsteknikk 1, deler av ELE302 Reguleringsteknikk 2, deler av ELE306 Robotikk
Andre aktuelle enkeltstående som det kan hentes ut deler fra:
ELE251 LabVIEW programmering, 5 sp
ELE250 Industriell instrumentering, 5 sp
ING303 Systemtenking og innovasjon for ingeniørar, 5sp
Modulbasert utdanning trur vi i Inviro kan være ein sterk bidragsytar til kompetanseheving for næringslivet og dei tilsette, og her har vi moglegheita til å være med heilt framme i utviklinga av denne typen fleksibel utdanning levert av ein Høgskule i Noreg.