Leiarsamling i Nordfjord

30.08.2023
11:30

Knutholmen

Inviro, ønskjer å invitere leiarar / framtidige leiarar til den fyrste lunsj til lunsj samlinga i slutten av august hjå fantastiske Knutholmen i Kalvåg.

Hovudfokuset på samlinga er «Lokal verdiskaping», der vi vil fokusere på:

1: Mennesket i fokus

2: Kva kan vi gjere i lag

Bakgrunnen og formål

Forsking viser at det å bygge eller vedlikehalde eit nettverk / bedriftsnettverk er svært sentralt for utvikling og vekst av/i bedrifter.

Samstundes veit vi at privat og offentleg næringsliv i Nordfjord har svært mykje kompetanse innan mange ulike bransjar og næringar.

Men kan vi sei at vi kjenner til alt av produkt og tenester som blir levert i regionen? Kjenner vi kvarandre (godt nok)? Er ein flink nok til å promotere seg sjølv og si eiga bedrift? Er ein flink nok til å «handle lokalt»? Er vi gode nok på samarbeid i regionen?

Dersom svaret på alle desse spørsmåla er ja, då kan vi berre kansellere denne samlinga, og heller fokusere på vidare vekst.

Men vi trur vi kan bli ein unik region med tanke på lokal verdiskaping og samarbeid på tvers av kommunegrenser blant både privat og offentleg næringsliv. Sjølv om vi allereie er god på dette, er der framleis eit stort potensial.

Vi meina at gode nettverk blir skapt når ein har ei felles målsetting og ein langsiktig strategi for samarbeid, og vi har sett andre eksempel i distrikts-Noreg (Eksempelvis prosjektet Havbruk Nord, Raufoss Klynga, Nordic Edge m.fl.) og kva regionale effektar eit lokalt nettverk kan ha å bety for lokal verdiskaping.

Informasjon og program

  • Stad: Knutholmen – Kalvåg
  • Dato: 30.08.23 – 31.08.23
  • Bekledning
    • Dagtid – formell
    • Aktivitet – fristidsklede til uteaktivitet
    • Kveld – Pent
  • Pris 7.000,- (+mva) pr deltakar
    • Dette inkluderer aktivitetar, workshop, frukost, lunsj x2, middag og overnatting

Dag 1

  • 11:30 – 11:45 Oppmøte Kalvåg
  • 11:45 – 12:30 Lunsj
  • 12:30 – 14:15 Elevator pitch
  • 14:15 – 15:00 Rigging til aktivitet / egentid
  • 15:00 – 18:00 Aktivitet
  • 18:00 – 19:30 Egentid
  • 19:30 – 20:00 Oppmøte med servering
  • 20:00 – 24:00 Relasjonsbygging og middag

Dag 2:

  • 08:00 – 09:00 Frukost
  • 09:00 – 11:30 Workshop med Jenny Staalnacke.
  • 11:30 – 12:30 Lunsj og farvel

I løpet av denne lunsj til lunsj samlinga lovar vi at det ikkje skal bli to dagar med Power-Point presentasjonar, men du skal i løpet av samlinga få moglegheit til å:

  • Presentere deg sjølv og verksemda di
  • Få vere med på aktivitetar du kanskje ikkje gjer til dagleg
  • Få mykje tid til prating og nettverksbygging med andre leiarar frå Nordfjord
  • Få fagleg påfyll i høve nettverk og samarbeid

Påmelding:

Meld deg på her

Merk:

  • Vi må ha minimum 25 deltakarar for at samlinga blir gjennomført.
  • Maks to personar per verksemd
  • Maks deltakar 40 – Førstemann til mølla prinsippet.
  • Påmeldingsfrist er 29.06.23 og påmeldinga er bindande etter denne datoen.
  • Tilbakemelding om samlinga blir gjennomført blir gitt 30.06.23.

På årets samling har vi, som nemnt, fokus på mennesket, dialog og kva vi kan gjere i lag.

Men vi er allereie i gang med tankar kring framtidige samlingar med tema/innhald både knytt til bedriftsbesøk, sirkulærøkonomi, berekraft, strategi, samarbeidsprosjekt m.m.

Her vil vi i etterkant av samlinga sende ut både eit tilbakemeldingsskjema, samt moglegheit til å foreslå framtidige tema på leiarsamlingar i Nordfjord.

Ta kontakt med Arild Hjelmeland om du har nokre spørsmål

E-post: Arild@inviro.no

Telefon: 456 00 526

Meld deg på her:

Del dette arrangementet