Invitasjon til Vekstprogram Nordfjord

Inviro, i samarbeid med Kunnskapsparken Vestland og Vekst i Lag, inviterer til Vekstprogrammet Nordfjord, der du vil få “hjelp til sjølvhjelp” for å utvikle ein strategi og plan for å nå selskapet sine målsettingar.

Dersom ditt selskap må eller ynskjer å omstille seg, eller selskapet har nye ambisjonar, så er dette programmet relevant.

Gjennom 4 halvdagsmodular og 1:1 oppfølging hjelper vi bedrifter med å ta val, og gripe dei moglegheitene som finns. Vi vil også sjå på korleis ein kan implementere ein god plan og korleis vi kan betre våre salsresultat.

Som deltakar vil du få kunnskap om dei nyaste metodane og tilgang til enkle verktøy som du kan nytte i eiga verksemd. Du får oppfølging og rådgjeving, og kan diskutere dine moglegheiter og utfordringar med dei andre deltakarane.

Det er fortløpande påmelding på kurset som har fyrste samling den 08. desember.
Meir informasjon og påmelding finn du her.

Har du spørsmål til programmet, eller ynskjer å høyre meir om dette er noko for deg og di bedrift? Ta kontakt med Kunnskapsparken for ein uforpliktande prat:
Hilde Grinde (90857294, hilde@kpvest.no eller Roger Ulvestad, (93817336, roger@kpvest.no)

Meld deg på her:

Del dette arrangementet

Share on facebook
Share on linkedin
Share on twitter
Share on email