Invitasjon til informasjons- og dialogmøte om kompetansebehov i di bedrift.

09.05.2022
19:00

20:30
Operahuset Nordfjord

Grøn omstilling og utdannings-jungelen kan vere vanskeleg å forhalde seg til. Veit du kvar di bedrift står? Har du spesifikke kompetansebehov du er nysgjerrig på om Fagskulen kan hjelpe med? Eller er du nysgjerrig på korleis Kompetansepilot Nordfjord kan hjelpe deg å lage ein handlingsplan for framtidig  kompetanse? Då bør du delta!

Prorektor ved Fagskulen Vestland, Reidar Grønli, vil informere om korleis Fagskulen Vestland kan skreddersy tilbod etter behov i lokalt næringsliv. Fagskulen i samarbeid med næringslivet kan sette opp eigne utdanningar/modular og i fellesskap arbeide for å tette kompetansebehov. Reidar vil også kort forklare rundt bransjeprogrammet og industrifagskulen.

Anders Lødemel frå Nordfjordakademiet vil informere om «kompetansepilot Nordfjord». Anders vil her informere om kva kompetansepilot Nordfjord kan tilby di bedrift via kompetansekartlegging, og vise eksemplar på korleis dei i dag jobbar med ulike bedrifter i Nordfjord knytt til dette.

Agenda:

19:00 – 19:05:   Velkomen – Inviro v. Øystein Nes            

19:05 – 19:15:   Prorektor ved Fagskulen Vestland – Reidar Grønli

19:15 – 19:30:  Kompetansepilot Nordfjord v. Anders Lødemel

19:30 – 20:30:   Diskusjonsrunde – Kompetansebehov i næringslivet

I diskusjonsrunda snakkar vi om kva kompetansebehov di bedrift har. Fagskulen stiller med både leiarar og fagfolk som har oversikt over kompetanse i ulike fag som kan være relevant for di bedrift. På den måten kan fagskulen, via fagleiarane som er med på møte, ta stilling om fagskulen har korte fleksible utdanningar innan ordinære studieprogram, eller om dei kan produsere/legge til rette for utdanningane det er behov for. Utdanningane fagskulen kan tilpasse/produsere er studium på 2,5 studiepoeng til 120 studiepoeng. Dvs. eit omfang frå 50 timar til tre års deltidsstudium.

Her vil vi også kunne sjå på kva behov bedrifta di har knytt til kompetansekartlegging, og om Kompetansepilot Nordfjord kan være med å avdekke potensielle behov.

Arrangørar: Fagskulen Vestland, Nordfjordakademiet og Inviro.

Les meir om industrifagskulen og bransjeprogram her

 

Meld deg på her:

Del dette arrangementet