Inviro utvidar den interne kompetansen

Det er fredag 30.10.20, og Inviro har signert Ove Anfinn Bjørlo i ei 50% stilling dei neste seks månadane. Kan det bli betre? 😊

Ove har store planar om å pensjonere seg om seks månadar. Vi håpar det blir endra til seks år, men først og fremst skal vi få gleda av å ha han på laget i Inviro fram mot sommaren.

Ei større drivkraft for utvikling og ein mann som får «fart» på sakene, skal du leite lengje etter, og dette vil være svært relevant for oss i den komande perioden. Ove skal jobbe knytt opp mot Nordfjord-labben samt prosjektet «næringsretta utdanning».

Vi er strålande fornøgde med å få med ein så sterk ressurs inn i vårt vesle team.

Det var dagens gladnyheit på ein fredags morgon. God helg når den tid kjem!

Del dette innlegget

Share on facebook
Share on linkedin
Share on twitter
Share on email