Inviro / StudieHub Nordfjord og desentralisert utdanning

Det siste halvanna året har vi i Inviro jobba for ein struktur og ei organisering av desentralisert utdanning både regionalt og nasjonalt. Og i førre fekk vi vite at vi får prosjektmidlar til å fortsette denne jobben minimum eit år til. Dette er fantastisk gode nyheiter.

Men våre tankar og idear for framtida knytt til desentralisert utdanning krev litt forventningsavklaring, då Inviro via StudieHub modellen vi har skissert, har ambisjonar om å både være den regionale aktøren i Nordfjord, samt leie eit nasjonalt nettverk / ein nasjonal modell av StudieHubbar som skal gjere desentralisert utdanning føreseieleg og berekraftig både for aktørane som legg til rette for at det skal kunne gjennomførast utdanning i distrikts-Noreg, for den høgare utdanningssektoren (inkl. fagskule), samt for næringsliv og andre aktørar som skal nytte tenester som StudieHubben legg til rette for.

Den overordna målsettinga til StudieHub-Nordfjord (Via Inviro) er:

Å gjennomføre ein regional pilot / bli ein nasjonal pilot for korleis ein kan organisere, strukturere og samarbeide med høgare utdanningsinstitusjonar, næringsliv og det offentlege for å legge til rette for fleksible og desentraliserte utdanningstilbod i Distrikts-Noreg.

Dette følgjer opp regjeringa si målsetting i Hurdalsplattformen som legg opp til:

«Livslang læring, uavhengig av kvar du bur, eller kva livssituasjon du er i»

Litt bakgrunnsinfo:

Det siste halvanna året har vi i Inviro brukt godt over 1000 timar på jobben som har blitt gjort knytt til å få midlane vi no har fått frå HK-DIR (Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse). Ja, det høyrest mykje ut, men samstundes har det vore både nødvendig og ein føresetnad for at vi no har fått midlar og får moglegheit til å jobbe vidare. Vi har levert inn tre store søknadar, presentert konseptet knytt til StudieHub modellen for meir enn 700 personar i bedrifter og organisasjonar, og ikkje minst jobba opp mot politikarar både lokalt, regionalt og nasjonalt for å skaffe forankring til både StudieHub-modellen vi har skissert, samt vist at det er behov for nye/endra rammebetingelsar for aktørar i Noreg som arbeider for desentralisert utdanning.

Som lokalavisene i Nordfjord synte til her for nokre dagar sidan via SSB, står distrikts Noreg ovanfor store utfordringar dei komande 30 åra, og fleire av utfordringane kjem allereie om nokre år. Desse utfordringane vil potensielt ha store ringverknadar for lokalt næringsliv (både privat og offentleg) i Nordfjord og i distrikts Noreg generelt. Eldrebølgja, urbanisering, rekrutteringsutfordringar, folketalsnedgang, mangel på kompetanse, omstilling m.m.

Med midlane vi no har fått, skal vi forhåpentlegvis det komande året få bidra til særleg to aktivitetar:

1: Bidra for å legge til rette for nokre utdanningar lokalt som det er store behov for.

2: Fortsette arbeidet mot politikarane for føreseielege rammevilkår for StudieHubbar / Studiesenter som skal legge til rette for desentralisert utdanning i distrikts-Noreg

Statsbudsjettet 2023 for 2024 (og vidare)

Knytt til forventningsavklaringa som vart nemnt innleiingsvis, så gjeld dette kva ein kan forvente det komande året at Inviro skal legge til rette for og gjennomføre. Når vi er ute å informerer / presenterer StudieHub-modellen er vi svært tydelege på at den prosessen vi arbeider med knytt til organisering og finansiering av ein desentralisert utdannings- modell er det noko som vil ta tid.

Desentralisert utdanning har for så vidt eksistert relativt lenge, men det har for alvor skutt fart dei siste åra, og kanskje særleg under Covid-pandemien. Det viser tal frå HK-dir på søkjartala til høgare utdanning i 2022. Det er ei 34% auke i førstevalssøkarar til reine nettbaserte studie, og at dette er ein trend frå 2021 at fleire ønskjer å søke meir fleksible utdanningar. Ein gjennomsnittsalder på 25 år, blant alle som har søkt høgare utdanning i 2022, er også det nest høgaste snittet som har vore, og noko som kan tyde på behov/ønskje om vidareutdanning.

Dette er starten på ei reise knytt til desentralisert utdanning, men før vi har ei organisering og ei ein nasjonal struktur for desentralisert utdanning, kan ikkje Inviro legge alle ressursane vi no har det komande året i potten knytt til å sette opp ulike utdanningar I Nordfjord. Vi må jobbe smart og nytte ressursane der vi får mest mogleg att både i morgon og om 15 år. For kva vil skje om den offentlege støtta vi no har fått, fell bort til neste år eller der ikkje kjem fleire utlysingar? Då har vi kanskje fått utdanna 10-20 personar i Nordfjord i løpet av 2022-2023, før vi igjen står på bak bakke.

Forstå meg rett, at Ola Borten Moe og regjeringa no for fyrste gong lyser ut midlar knytt til aktørar som Inviro knytt til desentralisert utdanning, uavhengig av om det er prosjektmidlar eller ikkje, er fantastisk og eit svært stort steg i rett retning,

Men utfordringa med prosjektfinansiering for ein aktør som Inviro / StudieHub Nordfjord / andre studiesenter (som det er vist til i tidlegare rapportar frå regjeringa / DIKU) er dette ein utfordrande finansieringsordning for å kunne organisere, strukturere og legge til rette for desentralisert utdanning i eit langsiktig perspektiv. Som nemnt, kva skjer når den offentlege støtta fell bort og ein ikkje har midlar til å drive det vidare? Då blir prosjektet nedlagt, prosjektstillingar utgår og ein startar på nytt, med ein ny søknad og potensielt nye tilsette..

Vi skal arbeide for at finansieringa av aktørar som Inviro / StudieHub Nordfjord / andre studiesenter skal inn på statsbudsjettet i 2023 for 2024 og vidare.

Rammebetingelsar for StudieHubbar / Studiesenter i Noreg må bli meir føreseielege:

• Frå: Prosjekt med prosjektfinansiering med korte målbare resultat

• Til: Rammefinansiering som kan bygge samarbeidsmodellar, kompetanse og strukturar for ein framtidig nasjonal modell

• Frå: Prosjektstillingar der kompetansen forsvinn når prosjekta er avslutta

• Til: Faste stillingar der den interne kompetansen og samarbeid kan byggast opp over fleire år

• Frå: Usikkerheit knytt til finansiering og drift av StudieHubben / Studiesenteret

• Til: Føreseieleg og berekraftig finansiering av den desentraliserte utdanningsstrukturen

• Frå: Søknadsskriving og rapportering

• Til: Legge til rette for desentraliserte utdanninga / kompetansekartlegging / studentmiljø i lokalmiljøet

• Frå: Korte prosjekt med høgare utdanningsinstitusjonar

• Til: Langsiktige samarbeidsprosjektmed høgare utdanningsinstitusjonar som kan nyttast og utviklast år etter år basert på erfaring og behov

Dette gjeld også (går vi ut i frå) for høgare utdanningsinstitusjonar, som må «kaste seg rundt» å få satt opp eit tilbod, dersom det er nokon som etterspør det. I staden for eit langsiktig samarbeid med aktørar som arbeider for desentralisert utdanning, som igjen vil kome dei høgare utdanningsinstitusjonane til gode. Og utlysinga frå HK-dir viser svært tydeleg at dette er noko sektoren er interessert i å satse på. Av totalt 180 millionar kroner som vart utlyst, kom det inn søknadar for ca. 800 millionar kroner frå høgare utdanningsinstitusjonar.

Med dette som bakteppe, håpa vi at politikarane, med Ola Borten Moe i spissen, som no har starta denne reisa mot ein struktur, organisering og finansiering av desentralisert utdanning, ser kva effektar dette kan få for levande og berekraftige lokalsamfunn i heile Noreg, samt for aktørar som Inviro / StudieHub Nordfjord og andre studiesenter i høve å ha rammebetingelsar til å kunne gjere det vi helst ønskjer å gjere: Legge til rette for desentralisert utdanning, og bygge opp kompetanse og erfaring på kva/korleis den beste metoden for å gjere dette er.

Til slutt må vi rette ein stor takk til både Erling Sande – Senterpartiet, Torbjørn Vereide og Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo – Venstre for støtte i fyrste fasen av denne prosessen. Til Vestland fylkeskommune som er Noregs mest offensive Fylkeskommune. Til Lise Selnes for gode råd. Til Nordfjordakademiet og kompetansepilot som gjer ein fantastisk jobb. Til næringslivet og samfunnet i Nordfjord som både støttar og heiar på oss. Og ikkje minst til Ola Borten Moe og Kunnskapsdepartementet (Norge) som viser handlingskraft og mot ved å sett i gang denne prosessen.

Med venleg helsing

Øystein Nes

Dagleg leiar

Inviro AS / StudieHub Nordfjord

Del dette innlegget