Besøk hjå medlemsbedrifta Eid Elektro

I går var Inviro i eit svært interessant møte med Eid Elektro. Her fekk vi moglegheit til å få høyre om både historia til Eid Elektro, samt kva planar dei har for framtida. Ikkje berre fekk vi ein presentasjon frå den nye daglege leiaren, Tore Hjelle, vi fekk også gode diskusjonar med tidlegare dagleg leiar Ove Kjøllesdal. Tore tok over stafettpinnen etter Ove i førre veke. Ove, som har eit brennande engasjement for lokal samfunns- og næringsutvikling skal framleis være like aktiv som tidlegare i Eid Elektro, men skal få moglegheit til å fokusere på andre oppgåver.

Eid Elektro er eit større elektromiljø som er lokalt forankra i Nordfjord, men med eit breitt tilbod med nasjonalt fokus. Selskapet har sidan oppstarten i 1981 hatt ein formidabel vekst dei siste 10-15 åra, og er i dag totalt 75 tilsette med ei omsetning på ca. 200 millionar kroner. I tillegg til hovudkontoret på Nordfjordeid har dei avdelingar i Bergen, Syvde og Stadtlandet.

Dei har tre ulike avdelingar; installasjonsavdeling, prosjektavdeling og teknisk avdeling. Det er særleg innanfor produksjon av elektrotavler at Eid Elektro fått ein unik status i Norge. Her levera dei til alt frå tunellar, industrianlegg, flyplassar og sjukehus. Køyrer du gjennom ein tunell i vårt langstrakte land, er sjansen stor for at der står opptil fleire tavler handbygd frå Eid Elektro. I tillegg til tavlene, kjenner du kanskje igjen skapet på bilete. Det er eit nødskap, som er designa og utvikla internt i Eid Elektro. Ramma til skapet blir laga av Stryn-bedrifta Nomek, mens Eid Elektro byggjer tavlene i dei. Eit strålande eksempel på lokalt samarbeid.

Eid Elektro er også eit førebilde for andre i regionen knytt til å ta inn lærlingar / omskoleringar, og har opp igjennom vore med på å utdanne over 115 fagarbeidarar. Dei er i dag godkjent lærebedrift innan elektrikar, tavlemontør og automatikar. Mellom anna har dei fått utmerkingane  «Ringer i vannet»  og «jobbskaper» frå NHO, og «eldsjelprisen» for dette arbeidet. Dei har eit samarbeid med både OFEL opplæringskontor i Førde og Nordfjord Opplæringskontor i Stryn.

For den viktige samfunnsoppgåva med å være ein trygg og god arbeidsplass har både Tore og Ove eit brennande engasjement. I eit lokalmiljø er samspel viktig. Alle er avhengig av kvarandre, og for dei er det viktig at dei er ei samfunnsnyttig bedrift som skapar arbeidsplassar og gir folk ein sjanse.

Dette viser også igjen på visjonen til selskapet «Eid Elektro skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass der dei tilsette får vidareutvikle seg i eit godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse og yrkesstolthet. Vekst og utvikling skal kome som eit resultat av dette»

Del dette innlegget