Inviro AS – Det offisielle nye namnet på Nordfjordeid Næringshage AS

Etter ei vel gjennomført generalforsamling og emisjon i Nordfjordeid Næringshage AS på Nordfjord Hotell torsdag 25.06.20 vart det vedtatt at det nye namnet på Nordfjordeid Næringshage AS er Inviro AS (Nordfjord Virtuelle Campus).

Med emisjonen som no er gjennomført av Inviro AS, blir det etablert eit svært sterkt innovasjonsselskap for Nordfjord, Sunnfjord og Søre Sunnmøre.

Det nye selskapet vil representere eit bredt tilbod til regionens bedrifter og grundera. Sentralt i det nye selskapet er målbedriftene knytt til Sivas næringshageprogram og samarbeidspartnerar knytt til Inviro AS.

På denne måten styrkast innovasjonsstrukturen og det samla «økosystemet» for næringslivet i regionen. Inviro AS er ein tilretteleggjar for bedrifter innan elektro, automasjon, IT, enøk, bygg og andre naturleg tilhøyrande teknologiske område til å sikre kompetanse og utviklingskapasitet, medan målbedriftene i næringshagen får tilført nødvendig og relevant kompetanse, finansiert gjennom Siva sitt næringshageprogrammet, seier dagleg leiar Øystein Nes.

I samanheng med generalforsamlinga gjennomførte også selskapet ein retta emisjon med nye eigarar frå heile regionen, og ser no fram mot eit tett og godt samarbeid i framtida.

Det var svært viktig for oss i denne prosessen å vise at Inviro AS er eit selskap for heile regionen, og vi er stolte og audmjuke i forhold til emisjonen og dei nye eigarane i selskapet som no representerer alle kommunane i Nordfjord. Bedriftene har mange av det same utfordringane knytt til rekruttering, kompetanseutvikling og utdanning, og vi må samarbeide på tvers av kommunegrenser for at vi skal få utnytta synergiane best mogleg, seier Øystein Nes.

Både dagleg leiar i Inviro AS, samt operatør av næringshageprogrammet NyKunnskap AS, via Arild Hjelmeland, vil ha kontorstad på «Skreddarhuset» på Nordfjordeid.

Øystein Nes fortel at det frå og med hausten forhåpentlegvis vil bli lite tid brukt på kontoret;

Det er no jobben startar for fullt. Korona, og situasjonen mange av bedriftene i regionen har vært i knytt til det, har naturlegvis hatt ei påverking på kor mykje tid ein har fått bruke ute hos bedriftene. Forhåpentlegvis får vi ein «frisk» og roleg sumar, slik at ein kan frå og med hausten besøkje bedriftene i regionen for å starte kartlegginga av bedriftenes behov, moglegheiter og utfordringar.

På generalforsamlinga vart det også vedtatt eit nytt styre i Inviro AS.

  • Einar Løken (Normatic) – Styreleiar (for 1 år)
  • Kristine Dahl (Stad Kommune) – Styremedlem (for 1 år)
  • Tore Hjelle (Eid Elektro) – Styremedlem (for 1 år)
  • Trudi Vågene (Elkem) – Styremedlem (for 2 år)
  • Johnny Myklebust (Nordvestvinduet) – Styremedlem (for 2 år)
  • Tom-Øyvind Solheim (Nordfjord Opplæringskontor) – Styremedlem (for 2 år)
  • Ole-Bent Søreide (Sogn og Fjordane Energi) – Styremedlem (for 2 år)

Trond Haavik, leiar for valkomiteen i Inviro AS, meinar at ein no har eit svært kompetent styre i selskapet som representerer både elektro/automasjonsbransjen og industribedrifter med sterkt fokus på teknologi. 

Det vert no styret si oppgåve å styre kursen for korleis selskapet skal bidra til å betre rekruttering og kompetanseutvikling i bedriftene, og korleis bidra til auka samarbeid innan innovasjon på tvers av bedrifter.

 Vi må òg få takke Petter Sødermann (Sødermann) og Arne Steinsvik (Nordplan) som no går ut av styret for jobben dei har gjort det siste året for å få realisert Inviro AS til det selskapet det har blitt i dag, seier Trond Haavik.

Del dette innlegget