Innspel til Nordfjordrådet / Vestland Fylkeskommune

Inviro vart invitert av Nordfjordrådet til å kome med innspel knytt til framtidas utdanningstilbod i regionen vår, innanfor vidaregåande opplæring, fagskule og høgskule. Ulike kommunar og næringslivsorganisasjonar fekk høve til å komme med innspel, og det samla innspelet kan du lese på stad.kommune.no. Innspelet frå Inviro var som følgjer:

Kompetansebehov i arbeidslivet

Inviro vart starta med bakgrunn i utfordringar og moglegheiter bedriftene i regionen har i no, og vil kunne få i framtida. Desse utfordringane gjeld for svært mange bedrifter, og er med det grunnlaget for vegen vidare for Inviro. Inviro, skal i samarbeid med kommunane, andre næringslivsaktørar/organisasjonar og næringslivet, forsøke å påverke, motverke og samstundes skape nye moglegheiter i regionen.

Dei ulike utfordringane, både kryssar seg og heng saman med kvarandre.

Teknologisk utvikling

Korleis kan sterke bedrifter lokalisert lengt frå dei store byane, og som har stort vekstpotensiale klare å halde tritt med den raske teknologiske utviklinga?

Urbanisering

Trenden med aukande urbanisering medfører at bedriftene har ein lekkasje av medarbeidarar som flyttar til byar for å ta vidare utdanning.

  • Fire av fem som tek utdanning i fylket blir verande i distriktet
  • Fire av fem som reiser ut, kjem ikkje tilbake til distriktet.

Rekruttering

Samtidig opplever bedriftene at det er vanskeleg å driver rekruttering i distrikts Noreg, særleg knytt til å rekruttere personar tilbake til fylket.

Dette medfører at bedrifter kanskje må tilsette personar som ikkje har den kompetansen ein treng for å kunne motverke utfordringane.

Digitalisering

Midt i denne utfordringa må bedriftene forholda seg til ei rask utvikling drive av digitalisering. Sjølv om bedriftene i dag ligg langt framme med innovative løysingar, er det krevjande å halde tritt med utviklinga for å framleis ligge i front.

Kva kompetansebehov er det i næringslivet i regionen?

Inviro er ei innovasjonsklynge for både målbedrifter knytt til næringshageprogrammet, samt til medlemsbedrifter knytt opp til elektro, automasjon, bygg og teknologi. Det vil sei, at for oss har vi ei relativt god oversikt knytt til delar av næringslivet i regionen.

Det er klart at forutsetningane for bedriftene har sidan Covid-19 endra seg for nokre av bedriftene. Nokre bedrifter har framleis utfordringar, mens andre no er tilbake på eit «normalt nivå». Men eit generelt utgangspunkt kan være at Covid-19 ikkje vore positivt for bedriftene. Men, vi må sjå framover, og om vi ser utover og forbi Covid-19, er det vi kan sei på generelt grunnlag, at det er eit stort behov for arbeidskraft i næringslivet Inviro representerer i regionen.

For Inviro sin del ser vi positivt på at det er behov for arbeidskraft. Årsaka til at vi gjer det, er fordi det viser at vi har kompetente arbeidsplassar i regionen som ønskjer å vidareutvikle og vekse sine respektive bedrifter. Det betyr i tillegg at det er rom for å kunne skaffe kompetent arbeidskraft utanfrå og utvikle internt i regionen.

Men, det skal også seiast at det er langt i frå berre høgt utdanna kompetanse ein treng frå universitet og høgskular. Særleg fagutdanning er etterspurt. For Inviro sine medlemmar gjeld dette både innan automasjon, elektro, IT og bygg. Også på vidaregåande nivå er det svært mange ønskjer frå næringslivet knytt til industriteknologi/produksjon, programmering, økonomifag, sal og marknadsføring m.m. Dei vidaregåande skulane har allereie eit tett og godt samarbeid med næringslivet i regionen, men kanskje særleg knytt til lærlingar er det framleis eit potensial. Ein lærling er ein ressurs, ikkje ein kostnad, og bedriftene i regionen må ta eit samfunnsansvar og tenke på ein lærling som ein langsiktig rekrutteringsprosess.

Utvikling

Spørsmålet blir korleis ein skal skaffe kompetansen som arbeidslivet i regionen etterspør. For Inviro er der fleire løysingar på denne utfordringa, som alle har ein raud tråd.

  • Korleis skal vi kunne motverke at personar som ønskjer høgare utdanning flyttar til dei større byane?
  • korleis skal bedriftene sikre kompetanse som kan følgje den raske teknologiske utviklinga og digitaliseringa knytt til innovative løysingar?
  • Korleis kan bedriftene utvikle seg?
  • Korleis kan ein jobbe for å sikre rekruttering til regionen?

Utdanning der du bur

Regjeringa melder i ei pressemelding at «Flere skal få tilgang på høyere utdanning der de bor» (10.12.19, regjeringen.no).

Vidare kan vi lese at forskings- og høgare utdanningsminister, Iselin Nybø seier:

– Alle skal ha tilgang til høyere utdanning. Mange av dem som trenger kompetansepåfyll er i jobb og har familie. Derfor trenger vi flere utdanninger som er desentraliserte, nettbaserte, samlingsbaserte eller på deltid, sier forsknings- og høyere utdanningsminister Iselin Nybø (V).       

Iselin Nybø (V)

Kompetansepåfyll er relevant for alle. Det vil sei at, uavhengig av alder, kompetanse eller ønskjer, skal ikkje det være ein hemsko å bu i distrikts Norge, og det skal/bør ikkje være begrensingar knytt til kompetanseheving.

For den potensielle «heimflyttaren», så seier ikkje vi i Inviro at alle som blir født i regionen skal bu her for alltid. Det er svært positivt at folk «kjem seg ut», får erfaringar og utdanning. Men det som er viktig er at dei etter nokre år ønskjer å komme  «heim», fordi ein veit at ein har moglegheit til å få interessante og relevante jobbar i ein region der ein også kan få kompetansepåfyll gjennom arbeidskarrieren.

Samstundes, må dei som ikkje ønskjer / har moglegheit til å flytte ut av regionen vår få den same moglegheita som «utflyttaren». Inviro ønskjer å legge til rette for,  akkurat det Iselin Nybø seier, at dei som ønskjer, skal ha moglegheit til å få kompetansepåfyll der dei bur, via kurs, kompetansepakkar eller desentralisert utdanning.

«Snøballeffekt»

Om ein ønskjer «livslang læring», må vi i regionen kunne tilby desentralisert vidareutdanning. Og korleis spelar dette inn på alle dei utfordringane som blei nemnt innleiingsvis? Jo, ved å kunne tilby desentralisert vidareutdanning, kan ein moglegvis få auka kompetansen knytt til den raske teknologiske utviklinga og knytt til digitaliseringa i bedriftene. For dei som ønskjer, kan ein tilby desentralisert utdanning som igjen motverkar urbaniseringstrenden. Knytt til rekruttering, kan ein sei at den interne kompetansehevinga er ein «intern rekrutteringsprosess». Kanskje ein ikkje treng å søkje etter kompetanse eksternt, då ein kan vidareutvikle kompetansen internt i bedrifta. Dette kan igjen medføre at ein for eksempel kan ta inn ein lærling i motsetning til å rekruttere høgt utdanna kompetanse, der lærlingen på sikt kan få kompetansehevinga han/ho er ønskjer lokalt. Det har ein «snøballeffekt» som vil gagne heile næringslivet i regionen.

Innovasjonsnettverk

Samstundes, må vi bli endå betre på å samarbeide i regionen. For Inviro sin del skal vi legge til rette for at bedriftene kan skape dette samarbeidet  via eit innovasjonsnettverk, og at dei ved dette kan få tilgang / moglegheit til å kunne delta i eit innovasjonsmiljø.

Inviro ønsker at vi skal kunne legge til rette for at alle bedrifter, som ønskjer det, uavhengig av «størrelse», skal sjå moglegheitene knytt til ulike utvikling- og innovasjonsprosjekt, det kan være alt frå mindre bedriftsinterne prosjekt, til større FoU prosjekt. Samstundes må ein også tenke på kva kompetanse manglar innovasjonsnettverket? Kven/kva kompetanse må bedriftene i regionen ut av fylket for å kjøpe? Kan vi legge til rette for ny-etableringar i regionen som vil kunne skape arbeidsplassar og samtid utvikle miljøet.

Samarbeid

Oppsummert kan ein sei at det krevst eit svært godt samarbeid dei komande åra mellom næringslivet, kommunane, utdanningsinstitusjonane og dei ulike næringslivsaktørane/organisasjonane i regionen for å sikre at vi ikkje blir hengande etter, og at vi kjem i ein situasjon der næringslivet ikkje får moglegheit til å vidareutvikle seg.

  • Næringslivet må aktivt investere i / og bruke dei ressursane dei har tilgjengeleg for å kunne finne nye moglegheiter og samarbeidspartnarar.
  • Vi treng aktive, involverte og satsingsvillige kommunar som legg til rette for vekst i næringslivet.
  • Vi treng høgare utdanningsinstitusjonar som er villige til å satse på utdanning i distrikta, og vi treng eit tett og godt samarbeid mellom lokale utdanningsinstitusjonar, kommuna og næringslivet.
  • Og vi treng næringslivsaktørar/organisasjonar som aktivt legg til rette arenaer og tilbod for både næringslivet og det offentlege som kan gi vekstgrunnlag for bedriftene og regionen som heilskap.

Om vi ikkje greier å samle oss om dette, kan ein frykte for framtida til nokre av bedriftene i regionen. Då både med tanke på vidareutvikling og vekst, og samstundes potensielle utflyttingar av bedrifter som ikkje ser moglegheit for vekst i regionen. Dette kan igjen føre til ein negativ «snøballeffekt», der ein ser ein nedgåande trend knytt til utviklinga av regionen.

Del dette innlegget