Gratis seminar om Solceller og Solcelleteknologi

01.03.2023
18:00

20:00
Operahuset Nordfjord

Lurer du på kva som vil vere nyttig, berekraftig og økonomisk for deg som privatperson eller som bedriftseigar knytt til val av energikilde?

Inviro AS, i samarbeid med Skarpnes AS og Eid Vidaregåande Skule inviterer til eit gratis seminar om solceller og solcelleteknologi for alle som har interesse og behov for innsikt / kompetanse for val av energiløysing. Seminaret vert avholdt i i Operahuset Nordfjord onsdag 01.03.23 kl. 18:00 – 20:00

Den fyrste timen vil ha fokus på solceller, ulike løysingar og solcelleteknologi som energikilde. Den siste timen vil ha eit spesifikt fokus på elektroinstallasjon av solcelleanlegg, tak og undertak, prosessar der ein også vil kome inn på NEK og regelverk m.m. Ein kan delta på heile eller på ein av delane av seminaret.

Etter seminaret vil kurshaldarane vere igjen i lokalet dersom det er det er nokon som har spørsmål eller kommentarar.

Målgrupper for seminaret er til dømes: Elektrikarar, tømrarar, driftsoperatørar, private og offentlege byggeigarar, eller enklare sagt: For alle som har interesse av/for solceller og solcelleteknologi.

Enorm vekst

Solcelleteknologi og ikkje minst bruken av det har, både i Noreg og verda generelt, hatt ein enorm vekst. I 2022 forventar ein at det skal bli bygd ut dobbelt så mykje solenergi i verden som det vart bygd i 2019.

Ifølge analysar skal det i 2022 byggast ut 228 GW medan det i 2019 vart bygd ut 118 GW. Om ein ser på dei fire åra før dette, var volumet for nybygging dobla også i frå 2015-2019. Ei formidabel vekst sidan 2015.

Med tanke på auka energikostnadar, kombinert med nedgang i prisar på solcelle-teknologi, kan ein forvente at det også i vår region vil kome meir/fleire anlegg både i privat og offentleg sektor.

Gjennomføring

Seminaret vert gjennomført av Stian Tollisen og Martin Kristiansen frå Skarpnes AS.

Stian er produktansvarleg den integrerte solcelletaksteinen «Ovati» i Skarpnes, Han er i tillegg Elektroinstallatør, Nk 82, Normkomite NEK, EKOM og NEK 405 sertifisert. Stian brenner for det grøne skiftet og nye innovative løysingar. Han har også erfaring frå landinstallasjonar, offshore vind og levert over 500 solcelleanlegg.

Martin Kristiansen er distriktssjef for Sør-Vest i Skarpnes har mange års erfaring innan byggebransjen. Martin har jobba i Skaprnes i tre år og har den daglege kontakta med kundane. Martin brenner for den gode opplevinga og godt samarbeid med kundane.

Påmelding og kontakt

Pris: Gratis

Påmelding under (så vi veit kor stort lokale vi må + kor mange kaffikoppar vi skal koke :)).

Påmeldingsfrist fredag 24.02.23

Ta kontakt med Arild Hjelmeland om det er nokre spørsmål:

Arild@inviro.no / telefon: 456 00 526

Meld deg på her:

Del dette arrangementet