First Lego League 2023

First Lego League går i år av stabelen i Operahuset Nordfjord laurdag 11. november 2023 – Påmeldingsfrist 01.10.23

Gjennom samfunnsaktuelle oppdrag får deltakarane oppleve matematikk, naturfag, vitenskap og teknologi på ein engasjerande og spennande måte. For skulane vil det kanskje være fint å ha eit fellesprosjekt når skulane startar opp igjen til hausten og ikkje minst er First Lego League veldig aktuelt opp mot fagfornyinga.

«Førstemann til mølla»

Årets oppdrag blir offentleggjort 17. september 2023.

FIRST® LEGO® League: Challenge utfordrar deltakarar i alderen 10-16 år til å tenke som forskarar og ingeniørar. Gjennom sesongen, vil lage definere ei problemstilling innen årets tema og finne ei løysing på den. Laget skal også bygge, teste og programmere ein LEGO Education SPIKE Prime eller en LEGO MINDSTORMS-robot for å løse oppdrag på en robotbane. Som vanleg skal også laga halde presentasjonar innan «Prosjekt», «Teknologi» og «Kjerneverdiar»

Gå inn på https://hjernekraft.org og meld på ditt skulelag, vel Challenge (10 – 16 år). Her finn du også meir informasjon om First Lego League.

Vi har plass til 12 skulelag frå alle ungdomsskulane i regionen Nordfjord, Sunnfjord og deler av Møre og Romsdal. Det er dei som melder seg på først som får plass – maks 12 lag

Om det er nokon som ønskjer å delta som dommar under arrangementet er det berre å ta kontakt med oss. Vi lovar ein kjekk dag saman med veldig kjekke born og unge frå heile regionen.

Inviro, i samarbeid med Eid Vidaregåande skule, Nordfjord Opplæringskontor, Nordfjordakademiet og Nordfjordrådet, har tatt over ansvaret for gjennomføring av First Lego League.

Kontaktperson for arrangementet lokalt er Arild Hjelmeland i Inviro.

E-post: Arild@inviro.no

Telefon: 456 00 526

Del dette innlegget