Inviro AS, i samarbeid med Nordplan Energi & miljø, inviterer til halvdags-kurs om energieffektivisering for næringsbedrifter i Nordfjord. Tirsdag, 14. februar på Nordfjord Hotell kl. 09.00 – 12.00
Energiprisar har i haust og vinter auka betrakteleg for oss alle. Straumprisane har vore på det høgste i historia, og sjølv om det har vore ulike variantar av straumstøtte frå staten er det stor auke i kostnadar for både private hustandar og for næringslivet.
Utsiktene til at vi får stor nedgang i prisar på kort sikt er det ikkje. For både privat og offentleg næringsliv er det difor viktig å kunne utnytte eksisterande installasjonar på mest mogeleg energieffektiv måte.

Senior Enøk-rådgjevar, Paul Rune Ingebrigtsen frå Nordplan Energi & miljø, har 20 års erfaring med energieffektivisering i både offentlege og private bedrifter. Paul Rune har svært god kunnskap både på gjennomføring av kurs med fleire aktørar, samt oppfølging i etterkant.

Under temadagen vil Paul Rune gi enkle innspel på kva som kan gi gode resultat i redusert energibruk, som gir god effekt i reduserte energikostnadar.
Målet er at ein i etterkant av kurset, har fått innspel som kan redusere energibruken når ein er tilbake i si eiga verksemd.
Tema for dagen: Energieffektivisering i kvardagen
- Energiovervaking
- Elektriske anlegg
- Ventilasjonsanlegg
- Oppvarming
Pris 495,- pr person. Påmelding under.
Påmeldingsfrist fredag 10.02.23
Ta kontakt med Arild Hjelmeland om det er nokre spørsmål:
Arild@inviro.no / telefon: 456 00 526