Digitalt, fleksibelt og samlingsbasert realfagskurs.

Etter vi på våren i år kunne meddele at det var mogleg no å ta ingeniørutdanning digitalt og desentralisert viste det seg at fleire av søkjarane mangla realfagskravet for å kunne bli tatt opp til utdanninga.

Her har HVL snudd seg raskt om, og kan no tilby eit fleksibelt realfagskurs for personar som manglar dette, slik at ein får moglegheit til å kome inn på studiet ved eit seinare høve.

Dette er eit intensivt kurs i matematikk og fysikk som kvalifiserer deg til opptak til dei fleste ingeniørstudia i Noreg. Kurset blir gjennomført på deltid gjennom ein kombinasjon av nettundervisning og samlingar, og lar seg kombinere med jobb.

  • Det vil vere mogeleg å søkje seg inn på kursa frå august av, med søknadsfrist 1. september.
  • Oppstart er planlagt tidleg i oktober.
  • Me planlegg éi samling i månaden fram til eksamen i slutten av mai (første eksamen blir nok i slutten av mai, og så den andre i juni. Me følgjer eksamenane til det nasjonale forkurset)
  • Totalt vil det bli 8 samlingar.
  • I Bergen legg ein opp til 2-dagarssamlingar, mens på Stord blir det 3-dagarssamlingar (etter ønskje frå industrien på Stord).
  • Det blir truleg nettundervisning/rettleiing éin ettermiddag i veka (ikkje obligatorisk). I tillegg vil det bli lagt ut ein del andre nettressursar som studentane kan følgje når dei har anledning.
  • Det blir truleg 6 obligatoriske innleveringar i kvart av faga (matematikk og fysikk) i løpet av kurset, 2 før jul og 4 etter jul, for å sikre progresjonen til studentane.
  • Kursa er berre tilgjengeleg for folk som har fullført og bestått 2-årig (120 stp.) fagskuleutdanning innan tekniske fag.

Lenkjer til søknad.

Realfagskurs | nett- og samlingsbasert | Bergen | deltid – Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Realfagskurs | nett- og samlingsbasert | Stord | deltid – Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Her er også lenkje til saka på HVL, der tildelinga frå Diku vart annonsert:
Nå skal det bli lettere å gå fra fagskole til høyere utdanning – Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Del dette innlegget

Share on facebook
Share on linkedin
Share on twitter
Share on email