Desentralisert utdanning – Møte med forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim

For Inviro sin del, og våre mål- og medlemsbedrifter handlar mykje av våre interesseområde om utvikling, kompetanse, rekruttering og innovasjon. Frå Inviro sitt perspektiv trur vi at vi kan løyse ein del av desse utfordringane og moglegheitene om vi får på plass ein struktur og eit opplegg for desentralisert utdanning. Lokale utdanningar er langsiktig rekruttering. Det er langsiktig utviklings- og kompetanse-bygging. Og det er langsiktig auking av innovasjonsgraden til næringslivet og det offentlege i Nordfjord.

Foto: Tormod Flatabø. Fjordabladet.

For nokre dagar sidan hadde vi gleda å få møte forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim og ordførar i Sunnfjord Olve Grotle for å legge fram planar og idear Inviro har knytt til desentraliserte utdanningar. i møtet var også Reidar Grønli frå Fagskulen Vestland og fortalde om kva planar dei har i høve desentraliserte utdanningar, samt Stian Bjørlo, som er ein av studentane på den desentralisert elektro og automasjons utdanninga som Fagskulen og Inviro samarbeida om, og fortalde om erfaringane sine sett frå eit student-perspektiv.

I dette møtet handla det for vår side om å få fortelje om næringslivet i regionen og om våre planar knytt til desentralisert utdanning og Campus Nordfjord. Campus Nordfjord er å blir ei svært viktig brikke i dette. På Campuset ønsker vi å legge til rette for desentralisert utdanning via det vi har kalla «StudieHub Nordfjord». Dette skal være ein samlingstad for høgare utdanning i Nordfjord. Vi skal skape eit «distrikts Campus» som skal legge til rette for høgare utdanning som skal kunne dekkje behova for samfunnet, for det offentlege og for næringslivet. Målet vårt er at vi skal kunne legge til rette for alle utdanningar det er behov for. Men då treng vi både regjeringa og dei høgare utdanningsinstitusjonane si hjelp.

«Desentralisert utdanning» har blitt eit uttrykk som er svært populært, men samstundes litt uoversiktleg. Vi i Inviro meina vi at det bør leggast ein klar og tydeleg struktur for organiseringa av utdanningane, med eit tett samarbeid med ulike høgare utdanningsinstitusjonar, som gjer det mogleg å leve opp til forventningane til regjeringa om «lære heile livet». Dette håpar og trur vi at StudieHub Nordfjord kan være ein pilot for.

Foto: Tormod Flatabø. Fjordabladet.

I Fjordabladet 10.08.21, kan ein lese ein lengre artikkel i høve møtet. Her uttalar mellom anna Asheim at:

Modellen vi har fått presentert her i dag er ein svært spennande pilot. Modellen grip direkte inn i den strategien for desentralisert utdanning som eg har lagt fram.

Dette er ein pilot som ein legg opp til i eit nært samarbeid med næringslivet og deira behov rekruttering og påfyll av kompetanse for folk som allereie er tilsette. Slik vi har fått dette presenter, så er det ein spennande pilot som vi gjerne vil vere med på, sa statsråd Henrik Asheim som var imponerte over kor «framoverlente» planane for Campus Nordfjord var.

Regjeringa ønskjer å opne opp utdanningssystemet meir enn tilfellet er i dag. Ambisjonen er at utdanning ved fagskular, høgskular og universitet er tilgjengeleg for alle, uavhengig av kor i landet folk bur og kva livssituasjon ein er i. Formålet er å auke tilgangen til fleksible og desentraliserte utdanningstilbod. Slik sett passar det vi har høyrt her i dag direkte inn i denne strategien, sa statsråden som meir uklar når det kom til statleg medfinansiering.

Som du sikkert forstår, så er det ein prosess med søknader, før eg kan seie noko konkret om akkurat det. Men, som sagt, dette er ein spennande pilot vi ønskjer å vere med på

Del dette innlegget