Desentralisert deltids- ingeniørutdanning i Nordfjord.

Inviro kan, i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet avd. Stord, no stolt vise til utlysingane på heimesidene til Høgskulen Vestland der dei no tilbyr desentralisert deltids- ingeniørutdanning innan Elkraftteknikk og automatisering med robotikk i Nordfjord.

Inviro er ein av fem samarbeidspartnerar i prosjektet, og vi har sett fram mot dette. Det er Høgskulen Vestland og prosjektleiar Rannveig Litlabø som skal ha all æra så langt i dette prosjektet, og det er verkeleg fantastisk at dei har fått dette på plass så raskt. At ein no kan tilby desentralisert deltidsutdanning på høgskulen nivå i Nordfjord er ein milepæl for regionen.

Kravet er at studentane har tatt 2-årig fagskule innan enten elkraft eller automatisering. Studiet gir inntil 60 studiepoeng fritak basert på gjennomførte emne frå relevant studieretning på fagskulen. Studiet går over 3 år, der du tar 20 studiepoeng per semester. Dette trur vi at vil gjere studiet overkommeleg for studentane. Studiet vil vere samlingsbasert med nettundervisning mellom samlingane. I løpet av eit semester vil det vere inntil fire samlingar. Ei vanleg samling vil vere på maksimalt tre dagar, og samlingane vil i dei fleste tilfella finne stad på ein av campusane til Høgskulen Vestland.

Vi i Inviro håpar dette er starten på ein desentralisert skulestruktur i Nordfjord. For næringslivet i regionen, er dette svært viktig. Frå det offentlege og politiske legg dei no til rette for at ein skal kunne ta utdanning der ein bur. Vi veit at forsking viser at fire av fem som flyttar til ein storby for å studere, ikkje kjem tilbake, medan fire av fem som blir, dei blir værande etter studiane. Dette råkar næringslivet i regionen, då det er mykje god kompetanse som forsvinn. For oss er det viktig at her er eit tilbod for dei som ønskjer å bli, samt at det er eit tilbod for dei som ønskjer å kome tilbake, eller dei som ønskjer å flytte hit.

For å lese meir om utdanningane trykkjer du berre på lenkjene under.

Lenkje til utlysingane:

Elkraftteknikk:
https://www.hvl.no/studier/studieprogram/2021h/elkd/
Automatisering med robotikk:
https://www.hvl.no/studier/studieprogram/2021h/autd/

Del dette innlegget