STYREPORTAL FOR NORDFJORD

Over 50 kandidatar har allereie meldt seg inn i Styreportalen for Nordfjord! Kunne du tenkje deg å bidra i eit styre i Nordfjord? Du kan og melde interesse! I februar er vi klar til å dele lista med foretak og valkomitear i Nordfjord – registrer deg og vi vil informere deg når løysinga er klar! […]

Berekraft – Halvtimen

I haust og vinter kjem eit lågterskel tilbod med webinar om ulike tema rundt berekraft. Bak initiativet står Kunnskapsparken Vestland, Vestlandet Innovasjonsselskap og Vekst i lag. Kompetanse om berekraft I programmet tilbyr vi eit verkty for å løfte eigen og bedrifta sin kompetanse knytt til berekraft Program haust 23 / vinter 24 Veke 45: Kva […]

First Lego League 2023

First Lego League går i år av stabelen i Operahuset Nordfjord laurdag 11. november 2023 – Påmeldingsfrist 01.10.23 Gjennom samfunnsaktuelle oppdrag får deltakarane oppleve matematikk, naturfag, vitenskap og teknologi på ein engasjerande og spennande måte. For skulane vil det kanskje være fint å ha eit fellesprosjekt når skulane startar opp igjen til hausten og ikkje […]

Nordfjord Futurum – lokal leiarutdanning via HVL

– Leiarar i utvikling og vekst Ønskjer du eller ein framtidig leiar i di bedrift å bygge nettverk og samstundes gjennomføre kompetanseheving lokalt her i Nordfjord? Frå januar 2024 håpar vi i StudieHub Nordfjord å kunne tilby etter- og vidareutdanning innan leiing og administrasjon lokalt i Nordfjord, levert av Høgskulen på Vestlandet. Dette skal kombinerast […]

10 nye år med næringshageprogram i Inviro

Ein fantastisk start på desember månad, då Inviro, saman med vår gode samarbeidspartnar Stryn Næringshage, har fått innvilga søknad om ny 10-årig programperiode som næringshage. Søknadsprossesen har vore krevjande, men også lærerik – Søknadsskriving er krevjande, men det har styrkja samarbeidet vårt med Stryn Næringshage. Sjølv om prosessen har tatt tid, har vi også henta […]

Inviro / StudieHub Nordfjord og desentralisert utdanning

Det siste halvanna året har vi i Inviro jobba for ein struktur og ei organisering av desentralisert utdanning både regionalt og nasjonalt. Og i førre fekk vi vite at vi får prosjektmidlar til å fortsette denne jobben minimum eit år til. Dette er fantastisk gode nyheiter. Men våre tankar og idear for framtida knytt til […]

Digital, fleksibel og samlingsbasert ingeniørutdanning via Høgskulen på Vestlandet. Søknadsfrist 20.04.22

I høve prosjektet «frå fagarbeidar til ingeniør på ein hybrid læringsarena», der Inviro har vore ein av samarbeidspartnarane til Høgskulen på Vestlandet og prosjektleiar Rannveig Litlabø, lysast det igjen ut nett- og samlingsbaserte ingeniørutdanningar ved HVL. Følgande krav må være oppfylt : • Fullført og bestått 2-årig teknisk fagskole i automatisering. Matematikk R1+R2 og Fysikk […]

Desentralisert utdanning – Møte med forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim

For Inviro sin del, og våre mål- og medlemsbedrifter handlar mykje av våre interesseområde om utvikling, kompetanse, rekruttering og innovasjon. Frå Inviro sitt perspektiv trur vi at vi kan løyse ein del av desse utfordringane og moglegheitene om vi får på plass ein struktur og eit opplegg for desentralisert utdanning. Lokale utdanningar er langsiktig rekruttering. […]

Snart byggjestart for Nordfjord Smarthus

Pressemelding Nordfjord Smarthus 10.08.21 Til hausten startar bygginga av Nordfjord Smarthus på Nordfjordeid. Målsettinga er at det skal være «Noregs grønaste smarthus» seier dagleg leiar i Inviro, Øystein Nes.. Bygget skal være eit «levande» smarthus. Det skal gi rom for nysgjerrigheit, innovasjon, teknologi og læring. Samstundes skal vi tenkje på framtida, og på den grøne […]

Campus Nordfjord – Framtida er no

Pressemelding: «Klart for Campus Nordfjord» Foto (Eid Industrihus): «Campus Nordfjord ligg sentralt på Nordfjordeid, i kort gangavstand til alle sentrumsfunksjonar og Eid vidaregåande skule/Operahuset Nordfjord. Normatic Eiendom AS ønskjer å utvikle den 16 mål store tomta «Nordfjord Campus» som eit kraftsenter for innovative bedrifter i samspel med utdanningsinstitusjonar og regionalt næringsliv. Teknologibedrifta Normatic AS er […]

Digitalt, fleksibelt og samlingsbasert realfagskurs.

Etter vi på våren i år kunne meddele at det var mogleg no å ta ingeniørutdanning digitalt og desentralisert viste det seg at fleire av søkjarane mangla realfagskravet for å kunne bli tatt opp til utdanninga. Her har HVL snudd seg raskt om, og kan no tilby eit fleksibelt realfagskurs for personar som manglar dette, […]

Det nærmar seg byggjestart for Nordfjord Smarthus.

Inviro kan i samarbeid med Vestland Fylkeskommune og Sogn og Fjordane energi snart starte bygginga av Nordfjord Smarthus. Planen er at bygginga skal starte i løpet av tidleg haust. Meir informasjon kjem. I mellomtida kan dykk nyte skissene av bygget. Teikna av Vicent Traver i Stadsutviklaren. Les meir om saka her:https://www.fjordabladet.no/nyhende/2021/07/31/Ei-%C2%ABleikegrind%C2%BB-for-oppl%C3%A6ring-24354401.ece

Desentralisert deltids- ingeniørutdanning i Nordfjord.

Inviro kan, i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet avd. Stord, no stolt vise til utlysingane på heimesidene til Høgskulen Vestland der dei no tilbyr desentralisert deltids- ingeniørutdanning innan Elkraftteknikk og automatisering med robotikk i Nordfjord. Inviro er ein av fem samarbeidspartnerar i prosjektet, og vi har sett fram mot dette. Det er Høgskulen Vestland og […]

Besøk hjå medlemsbedrifta Elkem Bremanger.

For nokre dagar sidan tok vi ein nydeleg køyretur til Svelgen i Bremanger. Her fekk vi kome på besøk til medlemsbedrifta Elkem Bremanger. Elkem er verkeleg ei hjørnesteinsbedrift. Svelgen har omlag 1200 innbyggjarar, og per dags dato er det 220 personar som jobbar hjå Elkem. Jobb- og utviklingsmoglegheiter. Vi fekk først presentere kven Inviro er, […]

Vidare satsing av næringshageprogrammet

Inviro AS er særs glad for at Siva og Vestland Fylkeskommune har sikra oss finansiering av Siva sitt Næringshageprogram for 2 nye år. Dette gjer at vi framleis kan legge til rette for utvikling  – endring og vekst i ei krevjande tid for mange bedrifter. Inviro AS har felles forpliktande samarbeid med Stryn Næringshage AS […]

Inviro utvidar den interne kompetansen

Det er fredag 30.10.20, og Inviro har signert Ove Anfinn Bjørlo i ei 50% stilling dei neste seks månadane. Kan det bli betre? Ove har store planar om å pensjonere seg om seks månadar. Vi håpar det blir endra til seks år, men først og fremst skal vi få gleda av å ha han på […]

Besøk hjå medlemsbedrifta Nordvestvinduet på Almenning

På Almenning, ligg ei bedrift med 63 års historie bak seg. Frå å være ein tradisjonell trevarefabrikk, har Nordvestvinduet frå oppstart i 1957 og fram til i dag utvikla seg til å bli ein av dei mest moderne vindauge-produsentane i Europa. Det heile starta fabrikken og butikken «Bygg og Innbu AS» der Bestefaren til noverande […]

Besøk hjå medlemsbedrifta LocalHost i Måløy

Vegen vidare i regionen vår, tok oss vidare ut til Måløy, og til kanskje eit av Nordfjords finaste kontorlokale der LocalHost held til. Her vart vi tatt imot av gründer og dagleg leiar Sindre Kvalheim, ein mann som brenn for Måløy, Nordfjord og for utvikling og entreprenørskap. LocalHost i dag LocalHost vart stifta i 2007 […]

Besøk hjå medlemsbedriftene Nomek og Vendanor

For eit par dagar sidan fekk vi komme inn til Stryn for å besøkje bedriftene medlemsbedriftene Nomek og Vendanor i Stryn. Vi var først velkomne inn til Vendanor, og blir møtt av ein svært engasjert og positiv dagleg leiar Harold Wieldraaijer. Vendanor er ein uavhengig produsent av propanautomatar for sal til konsument, og har sidan […]

Innspel til Nordfjordrådet / Vestland Fylkeskommune

Inviro vart invitert av Nordfjordrådet til å kome med innspel knytt til framtidas utdanningstilbod i regionen vår, innanfor vidaregåande opplæring, fagskule og høgskule. Ulike kommunar og næringslivsorganisasjonar fekk høve til å komme med innspel, og det samla innspelet kan du lese på stad.kommune.no. Innspelet frå Inviro var som følgjer: Kompetansebehov i arbeidslivet Inviro vart starta med […]

Besøk hjå medlemsbedrifta Eid Elektro

I går var Inviro i eit svært interessant møte med Eid Elektro. Her fekk vi moglegheit til å få høyre om både historia til Eid Elektro, samt kva planar dei har for framtida. Ikkje berre fekk vi ein presentasjon frå den nye daglege leiaren, Tore Hjelle, vi fekk også gode diskusjonar med tidlegare dagleg leiar […]