Campus Nordfjord – Framtida er no

Pressemelding: «Klart for Campus Nordfjord»

Foto (Eid Industrihus): «Campus Nordfjord ligg sentralt på Nordfjordeid, i kort gangavstand til alle sentrumsfunksjonar og Eid vidaregåande skule/Operahuset Nordfjord.

Normatic Eiendom AS ønskjer å utvikle den 16 mål store tomta «Nordfjord Campus» som eit kraftsenter for innovative bedrifter i samspel med utdanningsinstitusjonar og regionalt næringsliv.

Hans Inge Solheim og Einar Løken i Normatic AS ønskjer å legge grunnlag for eit attraktivt og innovativt miljø på Nord-Øyrane

Teknologibedrifta Normatic AS er i sterk vekst og har fleire nye store oppdrag i emning, og må difor ha både meir plass og rekruttere mange nye i åra framover. Elektro, automasjon og teknologi i regionen er viktig for den kraftige veksten som mange produksjonsbedrifter i regionen opplever.

Vi ønskjer at mest mogleg av veksten vi no står framfor i Normatic kan skje her på Nordfjordeid, og at det samtidig kan legge grunnlag for eit endå sterkare samla elektro-, automasjons og teknologimiljø i Nordfjord. Då er det viktig at vi kan ha eit attraktivt og innovativt miljø som omfattar meir enn vårt eige selskap.

Vi vil også ha eit stadig større behov for utvikling og testing av ulike tekniske løysingar – i samspel med andre bedrifter, fagskule, høgskule/universitet og FoU-miljø. Dette er ei viktig årsak til at Normatic engasjerer seg sterkt i INVIRO – Nordfjord Virtuelle Campus, som allereie har fått på plass finansiering til større investeringar i laboratorium med testfasilitetar og oppbygging av desentraliserte utdanningstilbod i samarbeid med fagskule- og høgskulesektoren seier dagleg leiar Hans Inge Solheim.

Den tekniske kompetansen i Nordfjord knytt til elektro, automasjon og teknologi er blant det fremste ein finn i Norge, med fleire hundre arbeidsplassar innanfor desse næringane. Nordfjord-bedrifter eksporterer teknisk avanserte produkt og tenester til heile Norge og til utlandet.

Om desse bedriftene framleis skal vere med i tet-sjiktet i ei utvikling som går stadig raskare, er vi nøydde til å tenkje utover eiga bedrift. Endå tettare samarbeid på tvers av fleire bedrifter vil utløyse eit større vekstpotensial. Satsinga på «Campus Nordfjord» styrkar føresetnadane for å få dette til.

Bedrifta ser det som viktig å få til ei enda tettare kopling til utdanningsinstitusjonar på ulike nivå. Den vidaregåande skulen er sentral for å rekruttere fleire fagarbeidarar. Fagskule- og høgskulesektoren er viktige for å få tilgang på fleksible tilbod til etterutdanning av tilsette til både Normatic og mange andre bedrifter i Nordfjord, seier Hans Inge

Trinnvis utbygging

Prinsippskisse (ARKI) for utnytting av området, som vil bli fordelt på fleire bygg med grøntareal innimellom

Planane som ein no skal realisere vil bli tilpassa behov og interesse blant aktuelle aktørar, innanfor eit samla areal på 16 mål. – Området er stort nok til at det er plass til fleire ulike bygg som kan dekke ulike behov.

Det er viktig for oss å kome raskt i gang, og vi ser føre oss ei trinnvis utbygging. Første byggetrinn kan stå ferdig i første del av 2023, og vil dekke Normatic sitt eige behov for meir plass, INVIRO sin lab og utdanningsfasilitetar, samt aktuelle verksemder som ønskjer å vere med i det innovative miljøet. Om dette skjer i eit eller fleire bygg er avhengig av ønskja til interessentane. 

Det er etablert kontakt med fleire interessentar som ønskjer å vere med på å realisere planane. Hans Inge Solheim presiserer at eigedomsselskapet deira blir kun ein av fleire aktørar som kjem til å utvikle området, som etter kvart vil kunne seksjonerast på ulike eigarar.

Ein del av området er tiltenkt bustadar. Dette er i tråd med sjølve «campus-ideen» om at det skal kunne vere mogleg å både bu og arbeide inne på området.

Fleire erfarer at det er vanskeleg å skaffe seg bustad sentralt på Nordfjordeid for yngre familiar. Vi kan her i samarbeid med utbyggarar realisere ulike bu-konsept, som t.d. «leige for eige». Slike ordningar kan senke terskelen for mange til å ta steget å flytte til staden, og «prøvebu» før ein slår skikkeleg rot her, seier Hans Inge.

Stad kommune er positive til planane

Normatic Eiendom AS ønskjer å utvikle den 16 mål store tomta «Nordfjord Campus» som eit kraftsenter for innovative bedrifter i samspel med utdanningsinstitusjonar og regionalt næringsliv» Alfred Bjørlo (Stad kommune), Trond Haavik (Segel AS), Einar Løken (Normatic AS), Hans Inge Solheim (Normatic AS) og Øystein Nes (Inviro AS).

Stad kommune har vore informert om prosessen undervegs, og er imponert over planane på Nord-Øyrane. Ordførar Alfred Bjørlo meina Campus Nordfjord vil styrkje både Stad og Nordfjord.

Planane om «Campus Nordfjord» er moderne samfunnsutvikling av ypperste merke, og vil ha enormt stor betyding både for Stad og Nordfjord, seier Alfred Bjørlo, ordførar i Stad. – «Timinga» for Campus Nordfjord kunne heller ikkje ha vore betre. Satsinga kjem akkurat når det grøne skiftet og elektrifiseringa av samfunnet tar av for alvor – samtidig som pandemien har opna dørene på vidt gap for desentralisering av arbeidsplassar og utdanning på alle nivå. Denne satsinga bør heiast fram og støttast også nasjonalt – som ein føregangsmodell for korleis ein kan byggje attraktive, samla kompetansemiljø for avansert næringsliv og komplette utdannings- og FoU-tilbod i distrikta – som samtidig styrkar sentrumsutvikling og bu-attraktivitet, seier Alfred Bjørlo.

Statens hus

Regjeringa løyvde i 2020 fire millionar kroner til statens Hus-piloten i Stad kommune for å styrke og samle statlege kompetansemiljø i distrikts-Noreg.

Det er frå Stad kommune si side naturleg å knyte saman «Campus Nordfjord» med det nasjonale pilotprosjektet «Statens Hus Stad», som no skal starte opp. Dette prosjektet handlar om å finne ei ny og meir samordna rolle for staten på mindre stader i distrikts-Noreg, for at staten betre kan fylle si rolle som utviklingsaktør i distrikta. Eit heilt sentralt punkt her er å etablere faste strukturar for desentraliserte og fleksible utdanningstilbod på distriktsnæringslivet sine premissar – og at staten må samhandle sterkare og meir målretta med næringsklynger på mindre stader. Gjennom Campus Nordfjord kan vi få ein perfekt arena for å få dette til, seier Stad-ordførar Alfred Bjørlo.

Campus Nordfjord – Desentralisert og fleksibel utdanning

Området har fått arbeidstittelen «Campus Nordfjord», fortel dagleg leiar Øystein Nes i Inviro AS.

Vi skal ikkje bli eit nytt universitet eller høgskule, men i Campus-begrepet legg vi at det skal vere ei samla utbygging der aktivitetane er knytt opp mot høgare utdanning, innovasjon, forsking, utvikling og der ein har ein base av næringsretta kunnskap- og kompetansemiljø. Vi ønskjer å bli eit fullgodt «Distrikts-Campus» knytt til behova ein ser, både i næringslivet og det i det offentlege i regionen, knytt til FoU, grunder-verksemd, innovasjon og desentralisert høgare utdanning

På Campus Nordfjord har dei eit håp om å kunne legge til rette for desentralisert og fleksible utdanningar både for unge studentar og etablerte tilsette som ønskjer vidareutdanning.

Næringslivet i Nordfjord har eit enormt vekstpotensial, men utfordring nr 1 er rekruttering. Vi veit frå forsking at fire av fem som flyttar ut frå ein distrikts-region som Nordfjord, ikkje kjem tilbake. Med Campus Nordfjord kan vi gi ungdom eit reelt val: Eg kan ta utdanninga lokalt, eller flytte ut for å ta utdanning om ein ønskjer det. Samstundes er det eit mål frå regjeringa si side å legge betre til rette for «livslang læring», og med det at allereie etablerte tilsette skal få moglegheit til vidareutdanning på fagskule- og høgskulenivå. Då må det vere faste strukturar på plass for å ta utdanning eller vidareutdanning også i distrikta – og det kan vi no få på plass gjennom «Campus Nordfjord» og planar vi har knytt til fleksible og desentraliserte utdanningar. Vi vil mellom anna samarbeide tett med NordfjordAkademiet knytt til kompetansepilot prosjektet, samt med utdanningsinstitusjonar vi allereie har eit godt  samarbeid med som Fagskulen Vestland og Høgskulen på Vestlandet, seier Øystein

Nordfjord-Labben

Inviro har også planar om å etablere «Nordfjord-labben» i Campuset, og vil med det bli ein ganske stor leigetakar på Campus Nordfjord.

Normatic fortener honnør for å ta initiativ til utbygging av dette heilt unike området til eit samla campus-miljø. Planane som no er lagt for dette området er viktige for heile regionen for både utvikling, innovasjon, langsiktig rekruttering og kompetanseheving, seier Øystein.

Søkjer både leigetakarar, investorar og utbyggjarar.

Trond Haavik i Segel AS er engasjert av Normatic knytt til å etablere kontakt med interessentar til prosjektet. Sidan den samla planen omfattar fleire bygg med ulike funksjonar som kan realiserast i ulike byggetrinn, inviterer ein fleire typar aktørar til å ta kontakt. Dette omfattar både potensielle leigetakarar, eigedomsutviklarar eller aktørar som vil realisere eige bygg. 

Vi trur det vil vere attraktivt å vere lokalisert tett på satsinga til Inviro knytt til FoU og utdanningstilbod. Ein vil her få tilgang til både ein infrastruktur, nettverk og kompetanse som dei enkelte bedriftene kan nytte seg av for eiga utvikling. Ein vil og invitere inn bedrifter utanfrå som kan tilby tenester som ein i dag elles må kjøpe andre stadar, fortel Haavik.

Del dette innlegget