Besøk hjå medlemsbedrifta Nordvestvinduet på Almenning

På Almenning, ligg ei bedrift med 63 års historie bak seg. Frå å være ein tradisjonell trevarefabrikk, har Nordvestvinduet frå oppstart i 1957 og fram til i dag utvikla seg til å bli ein av dei mest moderne vindauge-produsentane i Europa. Det heile starta fabrikken og butikken «Bygg og Innbu AS» der Bestefaren til noverande sal- og marknadssjef Arve-Martin Almenning produserte alle slags typar treprodukt. Utviklinga i selskapet har dei tatt steg for steg. I dag er selskapet leia av Administrerande direktør Rune Sætren, og selskapet har vekse til å være leiande på vindauge og andre relaterte produkt. I tillegg er dei ei svært viktig bedrift for lokalsamfunnet. Dagleg er det 92 personar som har arbeidsstad hjå Nordvestvinduet.

Eit vindauge er ikkje berre eit vindauge

Inviro vart tatt imot av Rune, ein mann som ser lyst på framtida og på moglegheitene for Nordvestvindauget på Almenning. I tillegg var vi så heldige at vi fekk med oss produksjonssjef Kim Rune Lofnes og systemteknikar Johnny Myklebust gjennom dagen. Fyrst fekk vi sjå kva Nordvestvinduet faktisk produsera og leverer. Eit vindauge er ikkje berre eit vindauge, og det er noko som viser igjen på utstillingsmodellane ein ser når ein kjem inn i dei flotte lokala deira.

Dette er noko av det Rune er stolt av, dei produserer vindauge innan tre ulike sjangrar. Det dei kallar volum (standard vindauge til bygg og industri) Individual (Arkitektur) og Antikk (eldre og verneverdige bygg). I dei siste to kategoriane, og kanskje særleg i Antikk kategorien er det mykje handarbeid inkludert. Dette er til bygg der ofte riksantikvaren er inne og skal godkjenne, og Nordvestvinduet har etablert seg som ein av dei fagleg sterkaste vindaugeprodusentane i denne sjangeren.

2000 forbetringsforslag

Noko av det Rune legg vekt på, er kor utviklingsorienterte dei har vore heilt sidan oppstarten. Dei var blant dei første som tok i bruk datamaskiner og CNC-maskiner i produksjonen, og har i dag svært imponerande produksjonsmetodar og styringssystem. «Se verden på nytt» er visjonen til Nordvestvinduet, og det har dei gjort. I 2015 gjennomførte dei ein svært vellykka strategi- og LEAN prosess. Etter å ha motteke snart 2000 forbetringsforslag, har dei via denne utviklingsprosessen per 02.10.20 gjennomført 1152 små og store tiltak. Det kan høyrast mykje ut, men Rune forsikrar meg at samtlege er gjennomført, og då vi var på besøk var det ca. 100 evalueringsforslag i «postkassa», og der kjem fleire forslag nesten kvar dag.

Forslaga kan være små eller store, alle blir vurdert på same basis. Det er dei som jobbar ute i produksjonen som er tettast på moglege løysingar som kan gjere arbeidsplassen litt betre for mange, og dei ser at forslaga dei kjem med blir diskutert og gjennomført, på denne måten held ein sjølve prosessen i live og reell. Det har ført til auka produktivitet og ein betre arbeidsplass, seier Rune.

 Nordvestvinduet kvilar ikkje på lauvbæra. Dei er no i gang med planlegginga for å investere opp mot 20 millionar kronar i nytt utstyr for å auke kapasiteten. Denne investeringa vil bidra til å ruste dei for framtida. Ei framtid som ser lys ut på Almenningen.

Del dette innlegget