Besøk hjå medlemsbedrifta LocalHost i Måløy

Vegen vidare i regionen vår, tok oss vidare ut til Måløy, og til kanskje eit av Nordfjords finaste kontorlokale der LocalHost held til. Her vart vi tatt imot av gründer og dagleg leiar Sindre Kvalheim, ein mann som brenn for Måløy, Nordfjord og for utvikling og entreprenørskap.

LocalHost i dag

LocalHost vart stifta i 2007 og er i dag 29 tilsette. Dei har frå starten hatt en visjon om å gjere IT enkelt, trygt og miljøvennleg, og LocalHost er mellom anna spesialistar på IT-drift og IT-infrastruktur, og har kjerneverksemda innan konsulenttenester, hosting og utvikling.  Noko av det som er unikt med LocalHost er at for dei er ein kunde like viktig uavhengig av «størrelse», noko som viser igjen på kundelista som er alt frå enkeltmannsføretak til store multinasjonale milliardkonsern.

LocalHost er også svært opptekne av utvikling, og har i dag ei eiga utviklingsavdeling med fire tilsette, desse har utvikla mellom anna timeregistreringssystemet til det svært avanserte CRM-systemet, Action.

Inkubator og partner

I tillegg til utviklinga av LocalHost, er noko av det Sindre er svært stolt av, rolla dei har som partner/inkubator for idear og bedrifter som etter kvart har utvikla seg til sterke og solide selskap. Lefdal Mine Datasenter er ein suksesshistorie, og noko som har vært med på å sette Nordfjord på verdskartet som eit av verdas grønaste datalagringssenter i den nedlagde olivingruva på Lefdal. Her var LocalHost og Sindre ein svært viktig partner frå oppstart og fram til dei selde seg ut av selskapet tidlegare i år.

Eit anna selskap som LocalHost har vore sterkt medverkande til er Videonor. Selskapet er i desse Covid-tider også blitt svært aktuelle, og tenestene dei leverer er svært velkomne i desse «videokonferanse-tider».

LocalHost har i utviklinga av dei nemnde selskapa og fleire, vært med som både idé- og produktutviklarar, og i nokre høve på oppstarten av selskapa. I tillegg har dei vore både investor og aksjonær. Dette er noko Sindre håpar at LocalHost kan bidra endå sterkare med i den nærmaste framtida i regionen vår. Som nemnt innleiingsvis er Sindre og LocalHost svært opptekne av nye knoppskytingar og idear som vil skape vekst og arbeidsplassar i regionen vår.  

– Vi vil være ein bidragsytar for lokalsamfunnet, eit selskap som kan ta prosjekt og idear og bruke nettverket vårt for å leggje til rette for vekst. Vi håpar at våre dyktige og spesialiserte tilsette vil kunne være ein ressurs for andre. Vi er svært godt rigga for å være ein god inkubator, fortel Sindre.

Lokalsamfunnet

Vi veit jo alle at for idrettslag og organisasjonar er det svært viktig å ha lokale bedrifter som bidreg ut til lokalsamfunnet, og dette er eit viktig ansvar for LocalHost via deira sponsorprogram. Fokuset, fortel Sindre er at dei ønskjer å støtte opp om ulike typar aktivitetar som kanskje elles ikkje får den største merksemda, eksempelvis har dei sponsa «Måløy LAN», «lego league», Sagastad og «Trimløypa i Deknepollen» for å nemne nokon.

Samarbeid med akademia

I Inviro er vi svært opptekne av at bedrifter tenkjer langsiktig i rekrutteringsstrategien sin, og her har LocalHost verkeleg tatt det til eit nytt nivå. I etasjen ovanfor kontoret til LocalHost ligg eit topp moderne undervisningslokale som nyttast av elevar og lærlingar i eit tett samarbeid med Måløy VGS.

LocalHost har saman med Måløy VGS utvikla ein modell der samarbeid mellom næringslivet og akademia skal gi studentane eit mest mogleg relevant utdanningsløp, som vil gjere dei sterkt rusta for å gå ut i eit framtidig arbeidsliv.

Gjennom Måløy Academy for studentar opplæring i det som er relevant for næringslivet, med det klare målet om å kunne gå over i fast tilsetting når utdanningsperioden er over. Mellom anna blir det tilrettelagt for innleigde gjesteforelesarar frå blant anna IBM, NTNU eller HVL i opplæringa.

Vegen vidare for Sindre og LocalHost er svært spennande og oppløftande for regionen vår, og vi i Inviro er sikre på at det vil kome mange nye arbeidsplassar ut frå initiativ sett i gong frå LocalHost gruppa.

Del dette innlegget