Besøk hjå medlemsbedrifta Elkem Bremanger.

For nokre dagar sidan tok vi ein nydeleg køyretur til Svelgen i Bremanger. Her fekk vi kome på besøk til medlemsbedrifta Elkem Bremanger. Elkem er verkeleg ei hjørnesteinsbedrift. Svelgen har omlag 1200 innbyggjarar, og per dags dato er det 220 personar som jobbar hjå Elkem.

Jobb- og utviklingsmoglegheiter.

Vi fekk først presentere kven Inviro er, samt planane framover for leiargruppa i Elkem, før vi vart vist rundt på verket av HR-ansvarleg Trudi Vågene. Det enorme mangfaldet av jobbmoglegheiter er kanskje ikkje noko ein tenkjer over når ein høyrer om ei industribedrift, men her vart vi overraska. Trudi fortel at dersom du vil jobbe innan kjemiprosess, produksjonsteknikk, industrimekanikar, elektrikar, automasjon, laborant, logistikk, økonomi, leiing eller IKT, er alle desse viktige arbeidsområdet for Elkem. I Elkem kan ein få moglegheit til å utvikle seg i eit internasjonalt selskap der dei tilsette får stor moglegheit til fagleg og personleg utvikling, fortel Trudi.

Øystein Nes fekk ei svært interessant omvisning av HR-manager Trudi Vågene

Om du er lærling, må/bør Elkem være ein svært interessant kandidat. Elkem har svært lang og god erfaring med tilsetting av lærlingar. Per dags dato har Elkem 23 lærlingar innan dei nemnte områda ovanfor, så her er det mange moglegheiter for deg til å få erfaring frå eit av dei største selskapa i Vestland.

Produkta

Verket, som for to år sidan feira sin 90-års dag, har i si lange historie vekse til å bli ei «enorm bedrift». Årleg omset verket for om lag 1,5 milliardar kroner, og særleg er det to produkt verket i dag er kjend for, produksjon av ferrosilisium og silisium-metall. For underteikna, som eg trur representerer «den vanlege mannen i gata», lærte eg på besøket at silisium brukast eksempelvis i produksjon av batteri, solcellepanel og elektronikk, medan ferrosilisium brukast eksempelvis i produksjon av bildelar og delar til vindmøller. Sjølvsagt blir produkta brukt til svært mykje anna, men dette er hovudsegmenta.

Opptekne av lokalmiljøet

Svelgen har det meste av det ei bygd i regionen vår kan tilby, bratte fjell og toppar, fjordutsikt og eit ein strandkant byfolket drøymer om. Arne Werge-Olsen tok over som verksdirektør i 2014, og vart tidleg oppteken av det visuelle med verket. Langs nordsida på verkssområdet var det tidlegare ei fylling av masse. Her måtte det gjerast noko, og entreprenøren Kvernevik AS vart hyra inn for jobben. Eit par år seinare, fortel Trudi at lokalbefolkninga har gjeve svært gode tilbakemeldingar på jobben som verket og Kvernevik har gjort. Den tidlegare fyllinga er no utvikla til å bli ein liten strandpromenade inne på verksområdet som har gjort nord-delen av verket estetisk flott og ikkje minst meir bruksvennleg for Elkem. Dagleg er det skip innom hamna for å laste/losse konteinarar, og her har denne delen av verket fått sin bruksplass.

Kontinuerleg innovasjon og fokus på det grøne skiftet.

I 1970 investerte Elkem 110 millionar kroner i det som Bergens Tidende omtalte som «Christiania spigerverk investerte i 1970 110 millioner i Bremanger smelteverk ved installeringen av verdens største smelteovn, helt styrt av «databehandlingsmaskinen» (Bergens Tidende 16. mai 1970). Omrekna til dagens kurs basert på inflasjon, hadde det i dag tilsvart ei investering på ca. 960 millionar kroner. Smak litt på det. Ei investering på 960 millionar kroner på eit verk i Svelgen. Fantastisk!

Elkem Bremanger

Grøn omstilling og innovasjon.

Tidlegare, kunne dei lokale i Svelgen sjå røykskya som steig opp frå pipene frå fabrikken. Framleis kan ein sjå «røyk» som kjem stigande opp, men samanlikna med tidlegare er det no vanndamp som ein ser frå verket ein gong i timen. Når vi snakkar om grøn omstilling og innovasjon, så er det vi no skal fortelje eit prakteksempel.

Det er som sagt mange svært oppegåande personar som jobbar på Elkem, og ein dag på midten av 1980-tallet fekk bedrifta ein ide: «kva kan vi gjere for å redusere utsleppa våre, og samtidig bruke avfallsproduktet til å skape eit nytt produkt vi kan tene pengar på?». Ideen som då kom opp var å bruke avfallsprodukt (røyken/støvet frå omnane), og bruke den til å lage eit produkt (seinare kalt Microsilica). Dette tidlegare overskotsproduktet bidreg i dag til ein betydeleg del av omsetninga til Elkem (her kjem «mannen i gata» inn igjen, og eg har blitt fortalt at dette er eit tilsettingsprodukt i betong og mørtel)

I 2019 gjorde også Elkem ei investering på ca. 250 millionar kronar på omnane sine for å kunne effektivisere dei, og samstundes bidra til ein grønare kvardag. Gjennom denne oppgraderinga kutta Elkem NOx utsleppa sine med nær 50%, noko som er tilsvarande det årlege utsleppet til ca. 100.000 dieselbilar.

Elkem Bremanger.

Kva skal ein til slutt sei om denne imponerande bedrifta. Det var ein svært lærerik dag, der vi fekk mange «aha» augeblikk. Arbeidskrafta som er på Elkem er variert og interessant med svært mange moglegheiter. Det er ei bedrift som med 220 tilsette omset for ca. 1,5 milliard. Det er ei bedrift som er rigga for framtidig vekst. Det er ei bedrift som fokuserer på innovasjon og utvikling. Det er ei bedrift som har stort fokus på sine tilsette, og det er ei bedrift som tek det den grøne omstillinga på alvor. Framtida ser god ut for Elkem og Svelgen.

Del dette innlegget