Opplever du at det er utfordrande å jobbe med innovasjon og utvikling? Er det vanskeleg å få med dei andre i organisasjonen, eller går det ikkje like fort som du ønskjer? Bli med på kurset "Innovasjonsledelse i praksis" arrangert av TINKR i samarbeid med Inviro. Her får du større forståing for korleis du kan bidra til meir innovasjon og nytenking i eige team eller avdeling.
08.04.2025
09:00 - 15:00
Gymmen Scene, Sophus Lie-vegen 1, 6007 Nordfjordeid
TINKR har jobba med innovasjon og innovasjonsleiing i norske kommunar i mange år. Dei har sett dei praktiske utfordringane, dei krevjande rammevilkåra, men òg den enorme stå-på-viljen og engasjementet.
Saman med ein av verdas fremste ekspertar på innovasjon, tidlegare innovasjonsdirektør i Sony, Johan Grundström Eriksson, har dei utvikla eit praktisk kurs der du, gjennom å jobbe med eigen organisasjon, lærer meir om korleis du kan leggje til rette for auka innovasjon i praksis.
I kurset får du:
*Tilsette i norske kommunar får førehandsgodkjent refusjon gjennom KS - OU-midlar: Anmodning om utbetaling - OU-midlar - Tinkr tek seg av det praktiske rundt dette.
Kurshaldarar:
Anders Wengen er seniorkonsulent med inngåande kjennskap til og erfaring frå politiske prosessar, offentleg forvaltning og innovasjonsarbeid i offentleg sektor. Han har mange års erfaring med forretnings- og organisasjonsutvikling i både privat og offentleg sektor.
Dei siste åra har han arbeidd med innovasjonsleiing og innovasjonsprosjekt i mellom anna Nittedal, Tinn og Stad kommune. Gjennom bruk av ulike prosessleiingsverktøy som LØFT, Participatory Learning and Action, Design Thinking, samskaping og styrkebasert prosessleiing har han opparbeidd seg ei omfattande metodeforståing.
Anders er i tillegg deltidspolitikar i Drammen kommune, og leiar næringsutvalet som mellom anna arbeider med innovasjons- og utviklingsprosjekt i kommunen.
Ida Skjerve har lang erfaring og god kjennskap til offentleg sektor, sist frå Nordre Follo kommune. Ho har arbeidd med innovasjon, samskaping og tenesteutvikling både internt og eksternt. Med bakgrunn som pedagog og spesialpedagog klarer ho å formidle kompleks teori på ein forståeleg og enkel måte.
I Tinkr arbeider Ida med leiarutvikling og kompetanseheving innan innovasjon, designmetodikk og tenestedesign. Ho rettleier kommunar, held kurs og deler innsikta si i utfordringar og vellukka tiltak. Ida kombinerer forsking, formidling og praktisk erfaring for å skape reell verdi i eit samfunn i utvikling.
Kurset består av ein fysisk dag v. Gymmen scene (08.04.25) og ein digital samling i etterkant på 2t (29.04.25)
Påmeldingsfrist 01.04.25 (Ved avbestilling etter 01.04.2025 fakturerast 50% av kostnaden per deltakar. Dersom ein ikkje møter på kursdagen, fakturerast 100%)
Sist oppdatert:
24.01.2025
Opp