10 nye år med næringshageprogram i Inviro

Ein fantastisk start på desember månad, då Inviro, saman med vår gode samarbeidspartnar Stryn Næringshage, har fått innvilga søknad om ny 10-årig programperiode som næringshage.

Søknadsprossesen har vore krevjande, men også lærerik

– Søknadsskriving er krevjande, men det har styrkja samarbeidet vårt med Stryn Næringshage. Sjølv om prosessen har tatt tid, har vi også henta ut mykje positivt i denne perioden. Å skrive ein søknad for den næringshageaktiviteten ein ønskjer å legg til rette for i regionen, krev at ein verkeleg går ned i materien på korleis ein ønskjer å jobbe som ein næringshage både på kort- og lang sikt, det har vore svært nyttig, seier Arild.

Inviro og Stryn NH har i saman hatt næringshageaktivitet dei siste 10 åra, og når det kom ei ny utlysing, vart det ikkje diskutert noko anna mellom selskapa enn at ein skulle søke saman.

– I både Inviro og Stryn NH er vi opptekne av samarbeid. Dette gjeld i alle prosjekt og med alle bedrifter vi jobbar med. Samarbeidet vi har med Stryn NH har vore godt dei siste ti åra, og vi ser fram til å styrkje det ytterlegare i komande programperiode. Saman har vi etterkvart fått bygd opp ein sterk kompetanse i næringshagane som vi på best mogleg vis må nytte ut mot næringslivet, seier Arild.

Kva betyr så dette for lokalt næringsliv i Nordfjord?

– Det betyr at vi, saman med målbedriftene, har moglegheit til å finne spennande utviklingsprosjekt knytt til både innovasjon, grunderverksemd, kompetanseheving, prosjekt, samarbeid, nettverk osv. Dette kan vi gi både ved å kople bedrifter i næringshagane, ved å nytt intern kompetanse og ved støtte til utviklingsprosjekt. Berre i 2022 bidrog Inviro og næringshageaktiviteten med over 1 million kroner i utviklingsprosjekt til målbedrifter i regionen.

Det betyr samstundes at vi framleis er ein del av SIVA strukturen og Vekst/i/lag partnerskapen, og med det har samarbeid og tilgang til både andre næringshagar, inkubatorar og katapultar i heile landet. Desse er blant dei fremste i landet innan for sine fagområder, og kan bidra bedrifter både i utviklingsfase, testing av nye idear/produkt, samarbeid på innovasjonsprosjekt og mykje meir.

Kva betyr det så for Inviro at ein får ein ny ti-årig programperiode?

– Det betyr veldig mykje. Noko av det som er veldig bra med måten næringshageprogrammet er utlyst, er at det går over 10 år. Dette gir oss føreseielege rammer og gir oss moglegheit til å kunne jobbe langsiktig. Dette er ein fantastisk artig og spanande jobb. Det å bidra til bedrifter med både kompetanse og kapital til utviklingsprosjekt, og deretter å følgje utviklinga til selskapa er veldig kjekt. Utruleg mange av målbedriftene som har vore med, og framleis er målbedrift, i næringshage-programmet har hatt svært god utvikling. Å få moglegheit til å vere med på denne reisa saman med bedriftene, det betyr mykje for Inviro, seier Arild.

Del dette innlegget