Nordfjord-labben

Med støtte frå Vestland Fylkeskommune, Sparebankstiftinga og Sparebanken Vest skal Inviro bygge ein lab for studentar og næringslivet i Nordfjord. Prosjektet har ei total kostnadsramme på 11,4 millionar kroner.

Inviro ønskjer med labben å auke innovasjons- og kompetanseutviklinga i både akademia og næringsliv. Ved bruk av Industri 4.0 skal Nordfjordlabben være eit bindeledd mellom ulike aktørar i regionen.

Bedriftene i Inviro ser eit stort vekstpotensiale innanfor sine respektive forretningsområde, og vil kunne auke med ca. 100 årsverk dei neste 3 åra. Ein er kjend med at fleire andre teknologibedrifter i regionen òg har eit stort vekstpotensial. Ei utfordring for å nå vekstpotensialet at den  teknologiske utviklinga går svært fort, og at det i den samanheng kan være krevjande for SMB bedrifter i Distrikts-Norge å halde tritt med utviklinga. Dette fordrar at ein er i stand til å rekruttere rett kompetanse samtidig som ein kontinuerleg klarer å oppdatere eigne tilsette på utviklinga.

Oppdatert utstyr i utdanningsinstitusjonane er etter kvart blitt ei nasjonal utfordring, som vert forsterka om ikkje vi lukkast med tett samhandling mellom private framoverlente verksemder og utdanningsinstitusjonane. Det gjeld òg samhandling mellom utdanningsinstitusjonane, at ein kan nytte felles utstyr og kompetanse i desentrale utdanningstilbod på alle nivå for å serve arbeidslivet, og utføre det samfunnsoppdraget desse har for å skaffe oppdatert og relevant kompetanse til samfunna vi betener. Kort sagt er det i alle si interesse å få til meir saumlause integrasjonar mellom utviklingsarbeidet i bedriftene og i utdanningsinstitusjonane.

Ved å utvikle ein lokal lab sentralt i Nordfjord gjev det fordeler i fleire ledd. Labben vil være tilgjengeleg for utleige til alle dei lokale vidaregåande skulane, andre utdanningsinstitusjonar og bedrifter i næringslivet som ønskjer å nytte seg av labben til kompetansheving

Konkret inneber dette at laben vil innehalde minianlegg som er likt det som dei ulike bedriftene nyttar. Elevar og studentar (samt driftsoperatørar blant kundane til bedriftene) vil såleis møte eit grensesnitt som samsvarar i arbeidssituasjonen ute i bedriftene, medan erfarne innovatørar kan bruke labbane til opplæring, kursing, testing, visualisering m.m.

Kontakt oss

Har du spørsmål knytt til Nordfjord-labben: