Finansiering

Ønskjer du å starte ei bedrift, eller har du en god idé som du ønskjer å iverksette?

Det er fleire måtar å finansiere oppstart, innovasjon-, utvikling- eller forskingsbasert arbeid på. Mange bedrifter støtter seg på kommunale næringsfond eller liknande, men det finnes også moglegheiter utanfor kommunegrensene. Det er prosjektets art som avgjer kva moglegheiter som er tilgjengeleg.

Næringshagane i Nordfjord

Målbedriftene i Inviro og Næringshagen i Stryn (NHS) har årleg moglegheit til å søkje på utlyste midlar via Næringshageprogrammet og SIVA. Ta kontakt for å få vite meir om støtteordningane i næringshagane.

Har du spørsmål knytt til ulike støtte- eller kompensasjonsordningar knytt til Covid 19, anbefala vi at du tar kontakt med 1- line teneste i kommuna eller næringshagen.

Kommunale næringsfond

Nokre av kommunane i Nordfjordfjord, Sunnfjord og Søre Sunnmøre tilbyr og kan i varierande grad støtte opp om større og mindre utviklingsprosjekt i regionen. Nokre kommunar har faste søknadsfristar og retningslinjer, medan andre kan ta imot opne søknadar. Her må ein gå inn på dei respektive kommunane sine heimesider.

Vestland Fylkeskommune

Vestland Fylkeskommune har svært mange tilskotsordningar ein kan søkje på. Det er støtteordningar innan følgande områder (med undersegment); Nærings- og samfunnsutvikling, Folkehelse, Idrett og friluftsliv, Integrering og inkludering, Klima og natur, Kultur, Planlegging, Trafikktryggleik og Utdanning.

Regional forskingsfond Vestland

Frå Regionalt forskingsfond kan ein søke midlar, der dei skal nyttast til vidareutvikling av forskingsprosjekt for innovasjon og verdiskaping i Vestland. Bedrifter, kommunale organisasjonar og forskingsorganisasjonar kan søkje om kr. 200.000 – 500.000 i støtte per prosjekt.

Sparebanken Vest

Sparebanken Vest støttar prosjekt i regi av frivillige organisasjonar, lag og foreiningar, klynger og utdanningsinstitusjonar i Vestland og Rogaland fylke, i tillegg til Volda i nord. Søknadsfristen er 1.april kvart år.

Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest har oppretta eit ekstraordinært Korona-fond på inntil 100 millionar kroner. Her kan lag og foreiningar på Vestlandet som vil tape pengar eller gå glipp av inntekter på grunn av koronaepidemien søke støtte. Fondet har ingen søknadsfrist, og behandlar søknadene fortløpande

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane deler kvart år ut gåver av overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane til samfunnsnyttige tiltak. Gåvene frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane skal bygge opp om visjonen vår om å vere ei drivkraft for Sogn og Fjordane, og skal fremje våre verdiar; mangfald, trivsel og utvikling.

Innovasjon Norge

Innovasjon Norge kan støtte innovasjon og utvikling i enkeltbedrifter på visse vilkår. Mellom anna har dei eigne «distriksmidlar» som har ulike vilkår. Distriktsverkemidlane leggast det særleg vekt på bidrag til verdiskaping, sysselsetting, nyskaping og omstilling i lokalsamfunnet. Innovasjon Norge kan støtte med inntil 50% av godkjente prosjektkostnader, men eigeninnsats regnast ikkje som del av eigenandel. Dei kan også tilby risikolån der ordinære banklån ikkje strekker til.

Forskingsrådet

Forskingsrådet har fleire ordningar for både offentleg og privat sektor, der alle inneberer koplingar med akademia eller forskingsmiljøa.

Enova

Enova har rundt 30 målretta støttetilbod som rommar alt frå støtte til innkjøp av elvarebil til utvikling av nye produksjonsprosessar i industrien

Skattefunn

Skattefunn er i motsetning til de andre finansieringskjeldene ingen søknadsordning, men derimot ein rettighet for bedrifter som driver innovativ utvikling. Ordninga administrerast av Norges forskningsråd, i samarbeid med Skatteetaten. Frå og med 2020 kan små og mellomstore bedrifter få 19 prosent av prosjektkostnadene som skattefrådrag gjennom skatteoppgjeret.

Altinn

Altinn har ei svært god oversiktsside for moglege støtteordningar for næringslivet.

Kontakt oss

Har du spørsmål knytt til finansiering: